Ein glad Junior dos Santos på pressekonferansa etter Fight Night Zagreb. Skjermdump: YouTube

Etterdønningar: UFC Fight Night Zagreb

Nye tiltrengte tungvektarar kom til, og Junior dos Santos tilbake på tittelferd.

Det blei ein ektefødt tungvektsaften då heile 5 kampar frå UFCs tyngste divisjon blei skjenka sjåarane under Fight Night Zagreb.

Lytt på vår siste podcast – med Jake Shields som gjest studio

From Chechny with love

Før tungvektsgallaen starta for fullt var det fleire interessante kampar med mange lovande utøvarar som tok stad. Ein av desse var Mairbek Taisumov. Den lettbeinte og hardtslåande tsjetsjenaren – som har ei slåande likheit til Abraham Lincoln – knocka ut Damir Hadzovic med ein klokkerein uppercut i første runde. Taisumov fører seg inn i bølga med russiske utøvarar som har tatt UFC med storm. I tillegg til veletablerte Khabib Nurmagomedov har Albert Tumenov, Ruslan Magomedov, Rashid Magomedov, Zubaira Tukhogov og nemnte Mairbek Taisumov alle gjort ein eksplosiv entré inn i UFC. Og med fire strake knockouts  i UFC er det vel på tide Taisumov får seg ein topp 15-motstandar og ein plass på hovedkortet..?

Audiens hjå Cro Cop

I våre tidlegare analyser har vi snakka om at topp 15 i tungvektsdivisjonen har vore prega av eit høgt aldersgjennomsnitt og svært få nye namn. Den gamle garde har holdt stand og oppretthaldt ein tilnærma urokkeleg status. Det var difor eit friskt pust at UFC hadde mønstra eit stort antal av både nye og gamle tungvektarar i Mirko “Cro Cop”s heimland, for å gjere opp ny status.

…Berre synd at Mirko “Cro Cop” sjølv ikkje konkurrerte. Om ikkje anna fekk han seg ein ekte walkout ut til publikumsseksjonen, naturlegvis til Duran Duran – “Wild Boys”.

Tungvektsstatus

Problemet med å måle tungvektskarane er at divisjonen florerar i knockouts. Alle knockar ut alle. Sjølv Mark Hunt og Roy Nelson har sett stjernehimmelen. Dette i seg sjølv har vore eit hinder for nye utøvarar – dei møter raskt veggen på veg fram i vektklassa. Likevel er det eit prospekt som kan ha ei svært lovande framtid. Hans namn er Francis Ngannou (2-0 UFC). Råsterk med ei rekkevidde tilsvarande Jon Jones, tolmodig, kalkulert, og med eit teknisk arsenal av ståande teknikkar er han svært spanande. Sjølv om hans kryptonitt er bryting klarte han seg fint mot brytaren Curtis “Razor” Blaydes i Zagreb – i ein kamp som doktoren riktignok stoppa mellom andre og tredje runde, etter at Blaydes sitt høgre auge hovna enormt opp.

Hulk smash

Ein annan stor tilvekst til tungvektsdivisjonen er Derrick “the black beast” Lewis (6-2 UFC). Giganten møtte den godt herja Gabriel Gonzaga som har vore trufast portvakt til topp 15 i ei årrekke. Lewis banka ikkje akkurat sjenert på denne porten, han knuste Gonzaga og porten med han. Etter feiringane hans å dømme burde han kanskje heller fått tilnamnet “hulk smash”?

For stakkars Gabriel Gonzaga er det kanskje greit å revurdere kva han vil vidare med karriera, og kva som er bra for helsa. Ni av hans 11 tap har kome via knockout. I tillegg er det svært lite truleg Gonzaga kjem til å klare ein total snuoperasjon og gå mot ei jakt etter tittelbeltet.

Cigano

Tungvektsrekka hadde sin endestasjon med toppoppgjeret mellom Rothwell og Junior “Cigano” dos Santos. Ben Rothwells walkout til dramatisk filmmusikk – i tillegg til ei framtoning som hadde passa perfekt i ei rolle i Game of thrones – forstyrra ikkje fokuset til Junior dos Santos. Dette var tydeleg etter dei to første rundene. Då vi holdt på å viske Junior dos Santos ut av topp fem, tok den gjenfødte brasilianaren fram svært teknisk boksing, strategi og imponerande fotarbeid til å plukke Rothwell frå kvarandre. Der Conor McGregor brukte spark mot mellomgulvet for å tappe energien ut av motstandaren brukte dos Santos velplasserte jabs.

…For i Junior dos Santos sine avsluttande ord…”forget about jiujitsu and wrestling, I’m a boxing guy!”

 

Leave A Comment