UFC on ESPN 2 har Jack Hermansson mot David Branch som co-main event

Coolbet-tipset: UFC on ESPN 2

MMA-Revyen gir deg oddstips for UFC on ESPN 2 i samarbeid med Coolbet.

Coolbet-tipset er eit samarbeid mellom MMA-Revyen og Coolbet. Før kvart UFC-stevne predikerar Andreas vinnarane i kvar av kampane med sin prediksjonsmodell. Dokumentasjon av modellen kjem snart til mmarevyen.com, og du kan følge alle prediksjonane på Oddsbloggen. I spalten Coolbet-tipset trekk vi ut dei mest interessante kampane fra prediksjonsmodellen der vi trur Coolbet bommar.

Lytt på vår ferske podcast her!

Dobbel dose

Michael Johnson har snart vore i UFC i 10 år. På den tida har han kjempa mot lettvekts godt piska krem, og notert seg med sigra mot Tony Ferguson, Edson Barboza og Dustin Poirer. Han har også gått på nokre tap, men det mot fighterar som Khabib Nurmagomedov og Nate Diaz. No har han to strake sigrar, og går kamp mot Josh Emmet. Emmet har ikkje like stor erfaring i UFC som Johnson, og sist Emmet gjekk kamp endte det tap mot Jeremy Stephens. Til forskjell frå Coolbet, som har Johnson som underdog, er Johnson favoritt i prediksjonsmodellen med ein fin odds på 2.0. Ein odds som dannar eit fint grunnlag for ein dobbel!

Ein annan kamp som glir fint inn i vår dobbel er vår egen Jack Hermansson. Prediksjonsmodellen er svært begeistra for Hermansson og har han som soleklar favoritt mot rangerte David Branch. Coolbet på si side har også Hermansson som favoritt, men er heldigvis litt meir lunken enn prediksjonsmodellen, noko som gir ein appelerande odds på 1.81.

Vekas dobbel blir difor:

Michael Johnson defeats Josh Emmet og Jack Hermansson def. David Branch til 3.62 i odds.

Trippel

Våren er her, sola skin og endorfinane spirar i kroppen. Då passar det vel med ein risky trippel? Hovudkampen er mellom mannen med namnet eg aldri klarer å uttale, Justin Gaethje, og Edson Barboza. Både prediksjonsmodellen og Coolbet har Edson Barboza som favoritt med ein pen odds på 1.81. Fleire som følger MMA er riktignok i tvil om dette favorittstempelet: Gaethje elskar å legge press motstandaren sin, samtidig som Barboza slit med motstandarar som legg press på han. Likevel, Gaethjes måte å gå kamp på har kosta han to knockout-tap på sine siste tre kampar, og det mot motstandarar som ikkje er like kjent for striking som det Barboza er. Vurder difor sjølv.

Risky trippel gir følgande odds:

Michael Johnson defeats Josh Emmet, Jack Hermansson def. David Branch og Edson Barboza def. Justin Gaethje til 6.55 i odds.

 

 

Sjå resten av prediksjonane og sannsynlegheit for siger for kvar utøvar på MMA-Revyens oddsblogg

Leave A Comment