UFC Fight Night Witchita er UFCs første stevne i Kansas.

Coolbet-tipset: UFC Fight Night Witchita

MMA-Revyen gir deg oddstips for UFC Fight Night Witchita i samarbeid med Coolbet.

Coolbet-tipset er eit samarbeid mellom MMA-Revyen og Coolbet. Før kvart UFC-stevne predikerar Andreas vinnarane i kvar av kampane med sin prediksjonsmodell. Dokumentasjon av modellen kjem snart til mmarevyen.com, og du kan følge alle prediksjonane på Oddsbloggen. I spalten Coolbet-tipset trekk vi ut dei mest interessante kampane fra prediksjonsmodellen der vi trur Coolbet bommar.

Dust in the wind?

I helga er det første gong UFC trer inn i midtvestens hjarte, Kansas. I motsetning til UFC 235, er ikkje helgas event det mest profilerte. Men, for å sitere arenarock-bandet Kansas (sorry, eg måtte), så kan likevel eit “dust in the wind” gi oss mykje underhalding. Hovedkampen mellom Dos Santos og Derrick  Lewis er ein kamp som bør gi masse spenning. Noko anna som kan gi spenning er betting på nokre av kampane. For spenning blir det, kortet er jamnt matcha og det slår ikkje ut med flust av storfavorittar i vår prediksjonsmodell. Så ikkje tipp hus og heim på kampane!

Lytt på vår ferske podcast her!

Dobbel

I vår dobbel går vi for prediksjonsmodellens storfavorittar. Den eine storfavoritten på prediksjonsmodellen er Alex White. White som i sin barndom overlevde bensindrikking frå ein melkekartong(!), har gått ein rekke kampar i UFC. Sjølv om fleire av kampane hans har endt i tap, er han predikert å vinne mot nykommar Dan Moret, som til no er oppført med eit knockouttap på debuten sin. Med ein odds på 1.73 så kan det gi grei valuta for pengane.

Den andre favoritten er UFC-veteranen Beneil Dariush, som går kamp mot Drew Dober. Dariush sitt favorittstempel i modellen er riktignok også reflektert på Coolbet sine sider. Difor er oddsen noko lav på 1.55. Men i kombinasjon med White gir den ein fin 2.61 i odds.

Alex White defeats Dan Moret og Beneil Dariush def. Drew Dober til 2.61 i odds

Risky singel

Prediksjonsmodellen har også Curtis Millender som ein knapp favoritt mot capoeira- og muay-thai fighteren Elizeu Zaleski dos Santos. Det er eit tett oppgjer, der begge har ei lang sigersrekke. Coolbet gir Millender, som har bra teknikk- og knockoutkraft, ein fristande 1.99 i odds.

Millender def. dos Santos til 1.99 i odds. 

Sjå resten av prediksjonane og sannsynlegheit for siger for kvar utøvar på MMA-Revyens oddsblogg

Leave A Comment