UFC on ESPN 1

Coolbet-tipset: UFC on ESPN 1 Ngannou vs. Velasquez

MMA-Revyen gir deg oddstips for UFC on ESPN 1 i samarbeid med Coolbet.

Coolbet-tipset er eit samarbeid mellom MMA-Revyen og Coolbet. Før kvart UFC-stevne predikerar Andreas vinnarane i kvar av kampane med sin prediksjonsmodell. Dokumentasjon av modellen kjem snart til mmarevyen.com, og du kan følge alle prediksjonane på Oddsbloggen. I spalten Coolbet-tipset trekk vi ut dei mest interessante kampane fra prediksjonsmodellen der vi trur Coolbet bommar.

UFC on ESPN 1

UFCs komande kort går på ESPNs hovudkanal. Om ein hugsar UFC on FOX har desse korta tradisjonelt sett vore profilerte. Dette er fortsatt tilfelle. Som med UFC on FOX 1 er også Cain Velasquez på plakaten under UFC on ESPN 1. Denne gangen møtar han den hardtslåande, og i følgje Coolbet,  underdogen Francis Ngannou. I vekas podcast diskuterte vi kven vi hadde som favoritt. Torstein og Andreas, i tråd med prediksjonsmodellen, har Cain som soleklar favoritt, mens naive meg trur og håpar Ngannou vinn på knockout. Men om ein lyttar til majoriteten er det ikkje ekstrem gevinst: Cain Velasquez har berre 1.55 i odds for seier. Difor må vi sjå litt vidare på kortet for å finne potensielle gullkampar, reint gevinstmessig.

Hør om UFC on ESPN 1 i MMA-Revyens podcast.

Singel og dobbel

Coolbet har lista Luke Sanders som ein storfavoritt mot den rutinerte Renan Barao. Dette passar oss midt i blinken ettersom prediksjonsmodellen har Renan Barao som ein sterk favoritt og samtidig har god odds.

Singel: Renan Barao defeats Luke Sanders til 2.40 i odds.

Eg skal vere ærleg: Eg kjenner ikkje særleg til Jodie Esquibel. Men det eg ser er at ho i følgje prediksjonsmodellen er klar favoritt mot Jessica Penne, som er Coolbets favoritt. Å spele på Jodie Esquibel gir også fin odds på 2.25. Men ver forsiktig, Esquibel har ikkje for vane å vinne med god margin.

DobbelRenan Barao def. Luke Sanders OG Jodie Esquibel def. Jessica Penne til 5.40 i odds.

Feeling lucky, punk? Sleng på Ngannou-siger som singel og få heile 2.55 i odds da vel (eventuelt crazy trippel til 13.77 i odds).

Sjå resten av prediksjonane på MMA-Revyens oddsblogg.

Sjå resten av prediksjonane og sannsynlegheit for siger for kvar utøvar på MMA-Revyens oddsblogg.

Leave A Comment