UFC Brooklyn, blir UFCs første event på ESPN.

Coolbet-tipset: UFC Fight Night on ESPN

MMA-Revyen gir deg oddstips for UFC 232 i samarbeid med Coolbet.

Coolbet-tipset er eit samarbeid mellom MMA-Revyen og Coolbet. Før kvart UFC-stevne predikerar Andreas vinnarane i kvar av kampane med sin prediksjonsmodell. Dokumentasjon av modellen kjem snart til mmarevyen.com, og du kan følge alle prediksjonane på Oddsbloggen. I spalten Coolbet-tipset trekk vi ut dei mest interessante kampane fra prediksjonsmodellen der vi trur Coolbet bommar.

ESPN

Etter fleire års samarbeid med FOX er det no ESPN som eig TV-rettigheitane til UFC i USA. Dette feirast med ein tittelkamp i flugevekt mellom den nykrona flugevekt-mesteren Henry Cejudo og bantamvekt-mesteren T.J. Dillashaw. Vidare er kortet pryda med profilar som Donald Cerrone, Glover Teixeira og Paige Van Zant.

Og akkurat Donald Cerrone er ein som kan gi lukrativ odds. Heile 2.45 gir Coolbet for Cerrone-siger mot UFC-ferskingen og Coolbet-favoritten Alexander Hernandez. Dette passar oss bettinginteresserte bra, for prediksjonsmodellen har underdog Cerrone som vinnar!

Ein annan favoritt prediksjonsmodellen peikar på er Belal Mohammed, som går kamp mot Geoff Neal. Dette favorittstempelet er Coolbet uenig i, og gir Mohammed heile 2.6o i odds. Det skal seiast at Geoff Neal definitivt er ein hardtslåande tøffing, med fleire avslutningar på kamphistorikken sin. Neal er derimot ny i gamet og har berre to kampar i UFC. Det som talar for Mohammed er at han er ein ringrev, og går inn i kampen med eit stort momentum der han har 4 sigrar på rad i UFC mot erfarne motstandarar.

Dette gir oss ei glimrande moglegheit for eit fint dobbeltspel! Køyrer du på med både Cerrone og Mohammed får du 6.37 i odds:

Belal Mohammed defeats Geoff Neal + Donald Cerrone def Alexander Hernandez.

Trippeljakt

Sjølv om poenget med desse tips-spaltene er å trekke ut interessante kampar der vi trur Coolbet bommar, er det berre to kampar på kortet som prediksjonsmodellen meinar Coolbet tek feil! Difor kan du, om du er litt mindre Sunnmørsk enn det eg er, bygge på dobbeltspelet med ein ekstra kamp:

T.J. Dillashaw def. Henry Cejudo til 1.51 i odds. 

Denne trippelen gir nemleg ein steike fin odds på 9.62.

Sjå resten av prediksjonane på MMA-Revyens oddsblogg., og sannsynlegheit for siger for kvar utøvar på MMA-Revyens oddsblogg.

Leave A Comment