Coolbet-tipset: UFC 231
MMA-Revyen gir deg oddstips for UFC 231 i samarbeid med Coolbet.
Coolbet-tipset er eit samarbeid mellom MMA-Revyen og Coolbet. Før kvart UFC-stevne predikerar Andreas vinnarane i kvar av kampane med sin prediksjonsmodell. Dokumentasjon av modellen kjem snart til mmarevyen.com, og du kan følge alle prediksjonane på Oddsbloggen. I spalten Coolbet-tipset trekk vi ut dei mest interessante kampane fra prediksjonsmodellen der vi trur Coolbet bommar.
Storkort på trappene
Etter ei rekke events med heller mindre stjernespekka kampar trappar endeleg UFC opp med ein solid PPV. Det gir oss ikkje berre storkampar, men også svært lukrativ odds. Cool-bet meinar Valentina Shevchenko er storfavoritt mot tidlegare ubestridte tittelhaldar Joanna Jedrzejczyk (ja, eg måtte google stavinga). Faktisk såpass mykje at Joanna er gitt 3.17 i odds. Det passar faktisk utmerket, for i Andreas sin predikasjonsmodell er utfallet annleis! Her spår modellen utfrå eit veld med statistikk at Joanna er klar favoritt. Det må likevel presiserast at Joanna har tapt mot Valentina i Muay-thai ved to tilfeller, noko som modellen er blind for.
Vidare på kortet går framadstormande Brian Ortega tittelkamp mot tittelhaldar Max Holloway. Det er velkjent at sist gong Holloway skulle gå kamp måtte han trekke seg kort tid før kampen grunna medisinske årsakar, som nok stamma frå eit heftig (eller dårleg) vektkutt. Denne gongen ser Holloway frisk ut og i god form. Då Holloway faktisk har møtt opp har han dominert sine motstandarar. Dominansen er reflektert i Andreas sin prediksjonsmodell der Holloway er favoritt med tydeleg margin. Coolbet er ikkje einig, og har gitt Holloway ein odds på 2.05, mens Ortega har 1.81.
Vekas tips blir difor følgande:
Joanna Jedrzejczyk def Valentina Shevchenko OG Max Holloway def Brian Ortega til 6.50 i odds.
Sjå resten av prediksjonane på MMA-Revyens oddsblogg.

Sjå resten av prediksjonane på MMA-Revyens oddsblogg og sannsynlegheit for siger for kvar utøvar på MMA-Revyens oddsblogg.