Coolbet-Tipset: UFC Fight Night Argentina
MMA-Revyen gir deg oddstips for UFC Fight Night Argentina i samarbeid med Coolbet.
Coolbet-tipset er eit samarbeid mellom MMA-Revyen og Coolbet. Normalt predikerar Andreas vinnarane i kvar av kampane med sin prediksjonsmodell, men ettersom UFC nettopp(!) har endra sin modell er det ikkje mogleg å hente ut kampdata som normalt i dag. Dette blir retta opp i seinare. Helgas Coolbet-tips er kommentator i MMA-Revyen Sverre sine eigne meiningar, der han har trukket ut dei mest interessante kampene å sette pengar på.
Sunnmørsk tipping
Det er ikkje utan grunn at Sunnmøringane er desidert best i landet på industri, produksjon og gründerånd; vi har trass alt ein sjette sans når det kjem til pengar.
…Om du spør ein sunnmøring i alle fall.
Og akkurat pengar er det å hente om ein ser på oddsen Coolbet har lagt ut for UFCs event i Argentina. Her er det ein kamp som stikk ut, nemleg Darren Elkins vs Ricardo Lamas. Coolbet ser her på Lamas som den soleklare favoritten, med ein odds på 1.49, mens Darren Elkins har ein odds på 2.70. Ricardo Lamas er ein fjærvektsveteran, der Lamas sitt høgdepunkt var tittelkamp mot Jose Aldo i 2014. Men kampen tapte han, og karriera har deretter vore prega av like mange tap som sigrar. Faktisk har Lamas sine to siste kampar endt i tap.
I vekas podcast meinte eg at Lamas no har blitt det vi kalla ein “gatekeeper”; ein profilert brikke for fighterar på veg opp. Darren Elkins er ein av desse som har klatra rangstigen. Elkins tapte riktignok sin siste kamp mot Alexander Volkanovski, men før dette hadde Elkins seks(!) sigrar på rad i UFC. Dei to siste var mot store navn i Michael Johnson og Dennis Bermudez. Elkins har også ei enorm erfaring, då han har vore under UFC-vingen heilt sidan 2010. Dette gjer 2.70 i odds svært forlokkande.
Om du vil spe på med litt meir odds vil eg sjå mot kampen mellom Johnny Walker og Khalil Rountree. Rountree har tre sigrar på rad i UFC, der han i forrige kamp knocka ut(!) K-1 legenda Gökhan Saki ståande. Johnny Walker har sin UFC-debut, og er difor eit litt ukjent blad. Men om ein ser på hans kamphistorikk er fleire av hans sigrar mot motstandarar som har alt anna enn flatterande kamphistorikk.
Vekas tips er ikkje prega av stor risikovilje, men med Sunnmørsk nøkternheit:
Darren Elkins def Ricardo Lamas og Khalil Rountree def Johnny Walker til 4.02 i odds.