Shogun Rua (t.v.) møter Gian Villante i natt. Bilde: YouTube.

UFC Fight Night: Kampar du bør sjå

Utover hovedkampen er det særleg to kamper som pregar nattens Fight Night.

Det blir heilbrasiliansk aften når UFC inviterar til salsa i Fortaleza, Brasil natt til i morgon. Ifølgje Googlemaps ligg Fortaleza nord-aust i det store landet. Men det er ei anna sak.

Stemnet har heile 12 kampar, der omtrent alle kampar har ein brasilianar. Dette er naturlegvis til stor fornøyelse for både heimlandet og oss. Tradisjonelt sett har nemleg dei brasilianske fighterane ein svært underhaldande stil. Der amerikanarane har prega octagonet med bryting, har brasilianerane køyrt ein lekker kombinasjon av brasiliansk jiu-jitsu og muay thai.

Særleg offensiv muay thai kjem til syne blant to av kveldens attraksjonar. Det står “Shogun” Rua,  ein av sportens aller største legender, og kraftpluggen Edson Barboza for.

Sjekk ut våre podcasts her.

Mauricio “Shogun” Rua – Gian Villante

For alle som har følgt MMA i godt over ti år kjenner til Mauricio ‘Shogun’ Rua. Dette er mannen som sidan 2002 har levert knockouts på ei snor mot blant anna Rampage Jackson, Chuck Liddell, Alistair Overeem, Lyoto Machida og Forrest Griffin. Med ei så lang karriere skulle ein tru at Shogun hadde bikka 40 år, likt Dan Henderson og Anderson Silva. Det rare er at Shogun “berre” er 35 år til trass for å ha drive på i 15 år i toppen av MMA.

Til trass for hans unge MMA-alder har haugevis med kneskader og fleire knockouttap dei siste åra prega den tidlegare robuste brasilianaren.

Han har dei siste åra vore ein skugge av kva han ein gong var, men det kan no sjå ut som han har snudd noko av trenden. Noko hans solide sigrar mot Antonio Nogueira og Corey Anderson viser. I natt møter han den mektige New-Yorkeren Gian Villante. Ein slugger som har bygd ei karriere på knockouts.

Det blir difor spennande å sjå om Shoguns erfaring og teknikk trumfar Villantes ville slagkraft.

Edson Barboza – Beneil Dariush

Ein av lettvekts beste innan striking er utan tvil Edson Barboza (18-4). Barboza, som sparkar hardast i divisjonen sin, er ein frykta utøvar, der han med sylskarp muay thai har smadra seg gjennom motstandarane sine. Men offensive motstandarar som har satt striker-esset under press, har gjort at Barboza aldri har nådd heilt opp til målet om ein tittelkamp.

aJwWR

Dette derimot ser ut til å ha endra seg. Barboza har på lang veg tetta den defensive svakheita. Dei to siste kampane dominerte han enkelt den flashy Anthony Pettis og den aggresive Gilbert Melendez. No har Barboza den brasilianske heimefansen i ryggen når han møter Beneil Dariush (14-2). Med siger her har han tre på rad og eit steg nærare tittelbiletet.

For Barboza blir dette ei tøff prøve. Den grapplesterke Dariush er notorisk offensiv og vil prøve å sette Barboza under hardt press. Ein ting er sikkert, dette stilistiske oppgjeret kan raskt ende opp som kveldens aller beste kamp.

Leave A Comment