Fedor Emelianenko og Matt Mitrione under innveging.

Den siste keisar

Den beste tungvektaren gjennom tidene møter Matt Mitrione i sin første kamp for Bellator.

I dag er tungvekt i skuggen av divisjonar som fjærvekt, lettvekt, weltervekt og mellomvekt. Men i ei tiårsperiode frå starten av år 2000 var tungvekt det aller gjevaste.

Og i fronten stod Fedor “The Last Emperor” Emelianenko.

Frå Fedors debut i starten av milleniumsskiftet gjekk han heile 33 kampar ubeseira. Eit tal som i MMA-samanheng er ekstremt sjeldent. Og eit tal som i den hardtslåande tungvektsdivisjonen, der knockouts skjer over ein lav sko, nok aldri vil skje igjen.

Komplett

Grunnen til at Fedor klarte dette var at han var ein komplett MMA-utøver med mentalitet av jern. Der motstandarane var spesialistar i BJJ, bryting eller kickboksing  var Fedor svært god i alle aspekt. Han var så god at han utan problem tok kampen ståande mot ein Mirko Cro Cop på sitt beste og gjekk til bakkekamp mot BJJ-esset Antonio Nogueira.

fedorlowkick

Iskald mystikk

Hans iskalde og ekstremt beherska framtoning og hans MMA-dominanse har danna grunnlag for ein sovjetisk mystikk. Totalt så har dette servert oss spektakulære kampar med eit høgt antal knockouts og submissions. Kallenamnet, The Last Emperor kom altså med god grunn.

På vegen har naturlegvis Fedor Emelianenko hatt verdas mektigaste menn sittande ringside mens han har gått kamp. Etter Fedors knockoutsiger mot Andrei Arlovski i Affliction, var blant anna Donald Trump raskt fram med å gratulere Fedor i ringen.

Og Vladimir Putin? Vel, han er ein kamerat av Fedor og er som regel til stades når Fedor går kamp i Russland.

Men trass ei svært lang og ubestridt periode gjekk det som med alle keisarriker også her brått mot slutten.

Etter at Fabricio Werdum på spektakulært og sjokkerande vis submitta Fedor gjekk den aldrande mannen frå vårt naboland på to nye tap. Først mot Antonio “Big Foot” Silva (som i etterkant blei tatt for bruk av anabole steroider) og deretter mot Dan Henderson.

Fedor Emelianenko med Donald Trump. (Tiffany Rose/WireImage)

Fedor Emelianenko med Donald Trump. (Tiffany Rose/WireImage)

Gjenoppreisinga

Men som Napoleon prøvar no den russisike bjørnen å reise seg igjen. Etter fem strake sigrar, mot riktignok svært varierande nivå på motstandarane, har den tidlegare tanks-operatøren i det russiske militæret signert kontrakt med UFC-konkurrent Bellator MMA.

UFC-veteran

Fedors komande motstander er også ein nysignert skikkelse i Bellator.  Matt Mitrione, eit kjent fjes i UFCs tungvektsrekker i årevis, er mannen som skal gi alt for å beseire Emelianenko.

At Mitrione gjekk til Bellator var ikkje eit teikn på at han var avdanka, men at Bellator kunne tilby meir pengar. Amerikanaren, som snakkar utvilsamt raskast i MMA, er ei tøff utfordring for alle tungvektarar. Han har blant anna vunne via knockout mot Derrick “Black Beast” Lewis, Shawn Jordan og Gabriel Gonzaga.

Neppe verdsherredøme

Sjølv om Fedor er på krigsstien igjen vil vi nok aldri sjå eit herredøme som det han regjerte over på 00-talet. Fedors motivasjon i desse dagar er sikkert likt som Anderson Silva: Ein som verkeleg likar å gå kamp og ein som verkeleg likar millioninntektene det gir.

Men for fansen kan det vere fint det òg.

Kampfakta

Fedor Emelianenko, 36 sigrar, fire tap

  • Svartbelte i Judo
  • Mester i Sambo
  • MMAs beste tungvekter gjennom tidene og ubestridt i nesten ti år
  • Lett, men rask tungvektar

Matt Mitrione, 11 sigrar, fem tap

  • Atletisk
  • Vunne 10 av 11 kampar i UFC via knockout
  • Etablerte seg som en solid tungvektar i UFC
  • Framstår som uredd
Leave A Comment