Gegard Mousasi er på hevntokt når han møter Uriah Hall i Belfast i helga. Foto: YouTube.

Tre kampar du bør sjå i helga

Av 27 UFC-oppgjer i helga, stikk særleg tre kampar ut. Les om dei her.

Til helga blir vi servert ikkje berre éi men to UFC-events. Heile 54 utøvarar fordelt på 27 kampar. Den eine kamparenaen er i Nord-Irlands hovudstad Belfast, der Fight Night: Mousasi vs Hall 2 går av stabelen, mens den andre er i Brasils storby Sao Paulo under Fight Night: Nogueira vs Bader 2.

I fin harmoni med UFCs ekspansive plan om globalt MMA-herredøme.

Og blant desse kampane går også vår egen Jack “the Joker” Hermansson. Han går sin andre UFC-batalje i møte Cezar Ferreira. Ikkje på Belfast-kortet, men i Brasil…Underleg nok (Følg med på VG.no/kampsport for Andreas’ MMA-analyse av kampen til Jack Hermansson ).

Lytt på MMA-Revyens podcaster her.

Men av alle dei 27 kampane, kva oppgjer kan vere verdt å bite seg ekstra merke til?

Gegard Mousasi (40-6) vs Uriah Hall (12-7) 2

Ein kjem ikkje unna trekkplasteret i Belfast, nemleg Gegard Mousasis hevntokt mot knockoutspesialist Uriah Hall. Etter at sistnemnte knocka ut Mousasi har nederlendaren vore veldig opptatt med å rette på det han meiner er eit reint lykketreff frå Hall si side.

0xd912-hall-mousasi

Mousasi som tidlegare har vore ein “stille type”, med eit anletsutrykk og ei kroppshaldning som utstrålar at han ikkje kunne brydd seg mindre, har i det siste endra seg drastisk. Mousasi har nemleg vore veldig på offensiven, med frittalande uttalelsar om sine kollegaer i UFC. Resultatet har vore ein meir sinna, hevngjerrig og ærleg utgåve av Gegard, til glede for oss fans.

Etter kampen mot Uriah Hall har Mousasi vunne tre kampar på rad, to av dei på knockout. Hall derimot har på skuffande vis tapt to av kampane sine. Difor er det ekstra bemerkelsesverdig at Mousasi, som har snust på tittelbiletet, ønskjer Hall som neste motstandar. Ein siger mot Hall, som har tapt sine to siste, vil ikkje løfte Mousasi særleg opp på rangstigen. Eit tap derimot vil vere svært skadande.

Videopakken: FN Belfast & Sao Paulo

Thomas Almeida (21-1) vs Albert Morales (6-0-1)

Eit av dei mest imponerande inntoga til UFC står det brasilianske vidunderbarnet Thomas Almeida i bantamvekt for. At akkurat han blei lagt merke til var ikkje utan grunn. Med sin ultraoffensive framtoning, killerinstinkt, presisjon og knockouts var han spådd ei lysande karriere.

thomas-almeida-stops-yves-jabouin-ufc-186

Thomas Almeida i full aksjon.

Men dette var inntil han møtte slugger og tittelkamp-aktuelle Cody Garbrandt. Her blei utklassing og eit knockout-tap i første runde ein realitet. Kanskje eit tap som det unge talentet kan lære mykje av?

No kjempar bantamvekt-håpet Almeida for å kome seg tilbake på det som var ein svært imponerande sigerrekke.

I Morales møter Almeida ein motstander som er mykje lik seg sjølv i kampstil. Det som likevel skil desse herrane er at Almeida er mykje meir raffinert som striker, der særleg Morales sitt forsvar har fleire manglar. I tillegg er det uungåeleg å påpeike erfaringsforskjellen. Almeida med sine 22 kampar mot Morales sine sju.

Ein ting er sikkert: Kampen har potensial til å bli ein av helgas aller beste.

Artem Lobov  (12-12) vs Teruto Ishihara (9-2)

Ikkje akkurat ein teknisk crème de la crème-kamp, men oppgjeret mellom Lobov og Ishihara er svært interessant på fleire måtar. Lobov, eller Artem som han er mest kjent for i MMA-kretser, er ein av Conor McGregors faste treningspartnarar. Både stjernetrenar John Kavanaugh og sjølvaste Conor McGregor vil vere i apperatet til Artem under bataljen.

Sist den slagkraftige Artem gjekk kamp var under UFC 202 mot Chris Avila, ein utøvar som har gått i lære hjå Diaz-brødrene. Her utkjempa ein tolmodig Artem ein perfekt gameplan med mange leggspark og kontringar som la grunnlaget for ein siger på dommaravgjersle.

Men den smågalne Ishihara er av eit heilt litt anna kaliber enn Avila. Den eksentriske og karismatiske japaneren, som stadig lagar overskrifter, har ein presis og slagkraftig venstrehand som kjem frå uventa vinklar. Dette gjer han, litt på samme måte som Dominick Cruz, vanskeleg å predikere. Vidare har det japanske råskinnet eit stort arsenal av slag, spark, kne og albogar som han miksar på ein god måte.

Det er difor forventa at Artem får ein tøff kveld i møte. Men kanskje stjerneteamet bak Artem kan gjere forskjell?

Og forhåpentlegvis får vi høyre McGregor og Kavanaugh skrike “keep it flowy Artem!”.

Fight Night Belfast startar kl 18, mens Fight Night Sao Paulo startar kl 01 natt til søndag. Hovudkorta kan du sjå på Viaplay.

Leave A Comment