Diego Sanchez er ein av utøverane som går kamp under Fight Night Mexico

Fight Night Mexico: Kampar å sjå

Trass eit heller profilfattig kort er det framleis gode kampar på plakaten.

UFC 205, organisasjonens mest profilerte kort gjennom tidene, er berre ei veke ifrå oss. Tre tittelkampar, legendariske Madison Square Garden i New York, og nesten utelukkande storkampar frå underkortet til hovudkampen mellom Conor McGregor og Eddie Alvarez. I fire veke har vi vore utan eit UFC-event og tolmodigheita er på bristepunktet.

Heldigvis gir topp-promosjonen oss eit oppvarmingsevent i Fight Night Mexico med ein storkamp i den tette lettvektsdivisjonen mellom Rafael dos Anjos og Tony Ferguson på plakaten. Men i motsetning til UFC 205 er Mexico-kortet i stor grad profilfattig. Likevel er her nokre kampar utanom hovudkampen som definitivt er verdt å sjå.

Diego Sanchez – Marcin Held

Den svært så eksentriske underhaldningsmaskina Diego “the Dream” Sanchez , som vann første sesong av The Ultimate Fighter tilbake i 2005, går nok ein kamp i møte. For dei som har følgt med på Sanchez sine kampar i UFC veit at Sanchez alltid går “all in”. Sanchez, som i kjent stil ofte går stormande fram med haka i været og gu kompenserar mangel på teknikken med ein ekstrem kampiver, som igjen har gitt han mange fight of the night-bonusar.

 

I helga blir det ei batalje mot det polske submission-esset Marcin Held. Held, som tidlegare har gått ei lang rekke kampar for Bellator gjer her sin UFC-debut.

Dette blir mest truleg eit stilistisk oppgjer mellom ein “brawler” i Sanchez og ein Held som vil gjere det han kan for å ta TUF-vinnaren ned på bakken. Det blir likevel vanskeleg for debutanten. Sanchez er ein rutinert brytar og har aldri blitt submitta før. Forvent difor ei ståande oppvisning med mange slagvekslingar. Ein arena Sanchez elskar.

Ricardo Lamas – Charles Oliveira

Eigentleg skulle vi sjå rutinerte Ricardo Lamas mot legenda B.J. Penn. Men då Penn måtte trekke seg for nokre veker sidan blei det kamp mot Charles Oliveira i stadenfor. Det kan bli interessant, då aktive Charles Oliveira mest truleg er ein farlegare motstandar enn ein B.J. Penn som det er mange spørsmålsteikn rundt.

Men i likhet med Penn så har det vore spørsmålsteikn rundt Oliveira også. Han har nemleg slitt mykje med å nå vektkravet. På innveiinga før kampen var Oliveira heile 9 pounds over grensa og det var berre på Lamas si nåde at kampen gjekk gjennom. Dette er femte gongen Oliveira ikkje har nådd kravet.

Men kamp blir det, heldigvis. Og den kan bli interessant. Charles Oliveira er ein ektefødt oppurtunist i måten han går kamp. Ståande køyrer han ein svært aggressiv Muay-Thai stil med eit offensivt arsenal av slag, spark, kne og albogar.

Den stilen er også tilfelle på bakken. Her hiver han seg etter kvar ei moglegheit til å sikre seg ein submissionsiger. Dette har stort sett lønna seg, men mot Anthony Pettis blei Oliveira litt for ivrig og fekk smake sin eigen medisin.

Kraftpluggen Lamas på si side er meir ein all-rounder, og har færre hull i stilen hans. Og i møte med den ultra-offensive Oliveira vil han mest truleg leite etter opningane som Oliveira gir.

Så spørst det då, om vektforskjella blir ein vesentleg faktor.

Beneil Darush – Rashid Magomedov

Russerane sitt inntog i UFC dei siste åra, med Khabib Nurmagomedov som spydspiss, kan ein trygt kalle ein stor suksess.  Ein utøvar på denne austlege bølga er Rashid Magomedov. Med 19-1 i kamphistorikk og med fire av fire moglege så langt i UFC har han danna eit svært lovande utgangspunkt for den vidare karriera i UFC. Men for at han skal opp og fram må han først bestå den krevande ildprøven mot Beneil Dariush, som kan skilte med sigrar over Michael Johnson, Jim Miller og Daron Cruickshank. Forvøvrig møtar nettopp Michael Johnson Khabib Nurmagomedov neste helg.

Ei av styrkene til Magomedov er presisjonen i ståande kamp, og med svært godt utvikla defensiv og offensiv bryting kan han enkelt diktere kvar kampen skal gå. Ståande likar russeren å halde kampen på avstand mens han tolmodig står parat med kontringar i form av solide boksekombinasjonar i tilfelle motstandaren prøvar på noko innanfor Magomedovs rekkevidde.

Dariush derimot er ein mykje meir aggressiv utøvar som likar å sette motstandaren på bakbeina med sine slag og spark. Spørsmålet er då om aggressiviteten straffar seg mot den disiplinerte Magomedov.

Leave A Comment