Anthony "Rumble" Johnson etter sigeren mot Alexander Gustafsson. Skjermdump: YouTube.

UFC-analyse: Det hardtslåande oppgjeret

To av dei mest sympatiske og slagkraftige utøvarane i UFC kjempar om å gå tittelkamp under UFC 202.

Etter at Jon Jones blei tatt for doping rett før UFC 200, har landskapet i toppen av lett tungvekt blitt radikalt endra. Den ubestridte og kontroversielle MMA-maskina som alle i divisjonen tapte mot er igjen ute av sporten på ubestemt tid. Vegen til tittelkamp er difor sterkt endra, og fleire har stilt seg i kø. To av desse er avsluttarane Anthony “Rumble” Johnson og Glover Teixeira. Under UFC 202 kjempar dei mot kvarandre om tittelkampbilletten mot Daniel Cormier i ein kamp som til no gått litt i skuggen av hovudkampen mellom Nate Diaz og Conor McGregor.

Gjør deg klar til UFC 202 med vår videopakke her!

Kampen som aldri blei noko av

Anthony “Rumble” Johnson var ein av utøvarane i UFC som mange hevda ville gi Jones store utfordringar. Kampen var på trappene, men grunna skade blei denne storkampen aldri noko av. Det er som vi veit nye realitetar i lett tungvekt. Jon Jones er ute av UFC sitt system og Daniel Cormier er sjefen. Denne sjefen har Johnson tidligare møtt og tapt for. Men no har knockoutartisten i lett tungvekt ein ny sjanse på ein tittelkamp.

Tanksen av lett tungvekt

Anthony Johnson er ein av lett tungvekts aller største utøvarar. Ein utøvar som i eit nyleg intervju ikkje ser vekk i frå eit løp i UFCs tyngste divisjon. Men han har ikkje alltid konkurrert i lett tungvekt. Hans UFC-karriere starta i weltervekt, ei vektklasse nesten 20 kilo lavare. Han gjekk altså kampar i samme vektklasse som Conor McGregor og Nate Diaz no går kamp i.

Brutale vektkutt

Trass ei rekordmengde med knockouts i divisjonen, var opphaldet i weltervekt brutalt for Johnson. Det var ikkje sjølve kampane, men vektkutta i forkant som tok på. Heile 20 kilo var det han måtte fjerne av vekt før kvar kamp. Etter nokre skadeopphald gjekk han opp til mellomvekt for å møte Vitor Belfort, i ein kamp alt kræsja. Johnson bomma på vektkravet med heile ti kilo og blei fjerna frå UFC. Etter eit opphald utanfor UFC har han kjempa seg tilbake og endeleg funne ei vektklasse som er helsemessig forsvarleg.

Sjølv om Johnson no er i lett tungvekt og går mot mykje større motstandarar enn tidlegare har ikkje Johnsons evne til å knocke ut motstandarane forsvunne, som Alexander Gustaffson, Ryan Bader, Jimi Manuwa og Rogerio Nogueira nyleg har erfart. Mange hevdar faktisk at Johnson si slagkraft er på linje med Mark Hunt, som eg ikkje vil bestride.

Idolet Mike Tyson

Ein anna utøvar i lett tungvekt som har avslutningar som spesialitet er Glover Teixeira. Teixeira som sist knocka ut Rashad Evans skal no møte Johnson i kampen om å gå kamp mot tittelholdar Daniel Cormier. At Teixeira er glad i boksing kjem særleg fram når ein veit at idolet hans er “Iron” Mike Tyson.  

MMA sin goodguy

Johnson er også ein av desse utøvarane som ikkje kastar skit, noko som passar UFC 202 godt. Å konkurrere i merksend med Nate Diaz og Conor McGregor går berre ikkje. Difor er det kanskje ekstra greit at det er kampsporten som står i hovudfokus når desse slagkraftige og trivelige herrane møter kvarandre i kampen før kampen, i det som kan blir kveldens beste batalje.

Kampfakta

Anthony “Rumble” Johnson, 21 sigrar, 5 tap

  • #1 i lett tungvekt
  • Lett tungvekts mest hardtslåande utøvar
  • Knockoutkraft i spark og slag, med 80% avslutningsrate
  • Kryptonitt ligg i grappling
  • Tåler mykje, har aldri blitt knocka ut
  • 79% nedtakningsforsvar

Glover Teixeira, 25 sigrar, 4 tap

  • #2 i lett tungvekt
  • Treffsikker og kombinasjonssterk bokser
  • Trivast best på innsida av motstanderens rekkevidde
  • Svært fatta, sjølv under tøffe slagvekslingar
  • Høgt og jamnt press og likar å slite ut motstanderen
  • Undervurdert bryter
  • Aldri blitt knocka ut
  • Svartbelte i BJJ med 24% av sigrane via submissions

Kampanalyse

Eit av elementa Glover Teixeira mest sannsynleg vil bruke er bryteegenskapane hans og evnene i jiu-jitsu. I kampen mot Ovince St Preux, som liknar litt på Johnson i kampstil, klarte Glover å ta ned OSP fleire gongar. Ofte ved å ta tak i beinet dei gongane OSP kom med spark for deretter gå enkelt inn for nedtakninga. Nede på bakken sementerte han submissionen. Det viste også at Glover også klarer fint 3 runder med høgt tempo og mykje energibruk.

glover

Glover Teixeira i eit intervju før UFC 202.

Eit anna moment i Teixeira sin kampstil er hans konstante press. Han er alltid på offensiven, der han plottar seg framover mot motstanderen, slik han er i rekkevidde for slagkombinasjonane, klinsjarbeid og nedtakningar. Nettopp nedtakningar og eit jamnt presset kan vere eit sentralt verkty for å knekke Johnson over tre runder.  For Johnson har hatt ein lei tendens i nokre kampar å bli knekt mentalt, som kampen mot Daniel Cormier er eit godt eksempel på.

Men å ta Johnson ned på bakken blir naturlegvis ikkje enkelt. Johnson har utvikla eit solid nedtakningsforsvar på heile 78% slik han kan trygt regjere ståande. Og går kampen ståande kan dette utvikle seg til ei svært tøff batalje, kanskje den tøffaste til no for Glover. For med Johnson er det all inn i kvart slag, på trass av at han har meistra å rasjonere energibruken betre i sine siste kampar.

Eit litt interessant aspekt med Johnson sin striking, som Dan Hardy har påpeikt i Inside the octagon, er måten han plasserar venstrehands si på motstanderen som eit målebarometer før han slår til med høgrehanda. Men det er spørst om ein hardhaus tøffing som Glover let han gjere dette då han ofte er den som setter press på motstanderen. Likevel, det Glover sine tidlegare motstandarar har mangla er Johnson si sterke evne til knallharde headkicks. Forvent at sistnemnte implementerar desse i slagkombinasjonane. 

Å predikere utfallet av dette er ei vanskeleg oppgåve. Klarer Glover å temme Johnson i første runde for deretter å ta han på djupt vatn, er det ikkje usannsynleg at det går mot ei tett dommaravgjersle i favør Glover. Ein ting er sikkert, dette blir kanskje kveldens beste kamp!

UFC 202 kan du se direkte fra kl 04 natt til søndag (og i opptak) på viaplay.no

Leave A Comment