Edson Barboza (t.v.) og Gilbert Melendez under innveginga i går. Skjermdump: YouTube.

UFC-analyse: Gilbert Melendez sitt vanskelege comeback

Det blir ikkje ein enkel veg tilbake for Gilbert Melendez når han møter muay-thai spesialisten Edson Barboza under UFC on Fox i natt.

Store dopingavsløringar har i dei siste månadane rysta UFC. Jon Jones og Brock Lesnar er berre nokre av mange utøvarar som truleg møtar lange suspensjonar. Frustrasjonen er aukande blant fans og UFC sjølv, og mange spør seg kven som er neste mann ut. Ein som sjølv har vore i USADA-kverna, og har måtte sitte ute av fightinggamet i eit år, er Gilbert Melendez. Nå er den angrande syndaren tilbake etter eit års suspensjon, med eit mål om å bli eit relevant namn i toppen igjen. Men har han det som skal til for å slå strikingesset Edson Barboza?

Sjekk ut vår ferske podcast her!

Everybody’s on steroids

Eit av dei mest kjente og aktuelle frasene i desse dopingdagar er Nate Diaz sin friske «Everybody’s on steroids»-uttalelse. Sjølv om den stadig blir meir og meir aktuell, er det interessant og ikkje minst ironisk at Gilbert Melendez sjølv, Nate Diaz sin faste treningspartnar, er ein av dei som har blitt tatt i dopingtest for å bruke såkalla PEDS (performance enhancing drugs). Faktisk var Melendez ein av dei første som blei tatt etter at UFC-avtalen med USADA blei ein realitet.

Dopingavsløringa til Melendez kom like etter tapet hans til den nyleg krona tittelhaldaren Eddie Alvarez, den 6. juli. Kampen var tett og Melendez tapte på splitta dommaravgjersle. Før dette tapte Melendez mot Anthony Pettis. Faktisk har berre Melendez éin seier i UFC og det er mot den ubestridte villmannen Diego Sanchez. Melendez si UFC-karriere har altså vore alt anna enn enkel.

Kampen om relevanse

Sjølv om Melendez sine tre tap i UFC berre har vore mot kremen av divisjonen, så er det automatisk å spørje seg om han har vore på dopingmidlar over lengre tid før USADA kom inn i bilete. I så fall blir kampen om relevanse kanskje enda vanskelegare no når han er tilbake dopingfri. Chael P Sonnen er ein av dei som har påpeikt at etter at USADA kom på bana har tittelbelta aldri skifta hender raskare. Utøvarar som tidlegare har sett svært gode ut ser no mindre imponerande ut. Melendez si største utfordring er likevel det faktum at han skal møte Edson Barboza.

For Edson Barboza er ikkje ein kven som helst. Mannen som sparkar hardast i 155-divisjonen overkjørte Anthony Pettis i sin siste kamp. Sjølv om Barboza aldri har klart å sette opp ein lang seiersrekke har han aldri sett betre ut. Kampen før Pettis var nemleg mot Tony Ferguson som endte i submissiontap. Denne kampen sa kanskje meir om Ferguson sin kjeve av stål enn Barboza, som i ein fantastisk prestasjon fyrte av eit vanvittig arsenal av slag og spark som Ferguson svært imponerande slukte før han klarte å ta kampen ned på bakken og sementere ein brabo choke.

At Barboza har sett så bra ut i det siste kan skuldast at han trenar fast med blant anna Eddie Alvarez og Frankie Edgar, som garantert har hjelpt han med bakkegamet og utøvarar som legg i høgt press.

Varm opp til UFC on Fox med vår vidoepakke

Tittelbilde

For Edson Barboza handlar denne kampen om å rykke opp mot tittelbildet. Ettersom han er rangert som nummer seks, blir vegen raskt kortare med ein seier mot den tidlegare Strikeforce tittelhaldaren Gilbert Melendez. Det som likevel er litt spesielt er at Barboza sin treningspartnar har beltet i divisjonen. Vi har sett mange eksempel på utøvarar som ikkje ønskjer å gå tittelkamp mot treningskameratar. Men først må Alvarez kjempe med nebb og klør for å tvihalde på beltet. Tony Ferguson og Khabib Nurmagomedov er svært tøffe motstandarar, og det er ikkje forventa at han klarer å slå begge.

Gilbert Melendez derimot kan dette bli comeback-kampen der han igjen blir eit relevant namn i toppen. Å få ein seier mot ein så høgt rangert utøvar som Barboza vil bety eit stort sprang opp dit han tidlegare har kjempa.

Kampfakta

Edson Barboza, 17 sigrar, fire tap.

  • Rangert som nummer 6 i lettvekt
  • Svært eksplosiv og rask
  • Stort utval spark
  • Skarp boksing
  • 10 sigrar via knockout
  • 23-3 i Muay-thai, med heile 22 knockouts

Gilbert Melendez, 22 sigrar, fem tap

  • Svært høgt tempo
  • Høgt boksenivå
  • Utøvar som køyrer eit stort press frå start av
  • Kondisjonsmaskin
  • Brytebakgrunn med bra ‘ground and pound’

Kampanalyse

Dette er ein interessant kamp. Barboza sin kryptonitt har særleg tidlegare vore utøvarar som setter han under press, og nettopp høgt press leverar Melendez lett. Melendez går rett på sak og ønskjer å kome på nær avstand slik han kan levere boksekombinasjonane på kloss hold. Herifrå kan han vidare veksle med å ta kampen ned på bakken med bryteegenskapane og sette i verk slaga på bakken. Men vegen fram mot Barboza blir smertefull. Forvent spark frå Barboza som harde balltreslag mot beina til Melendez og kjappe jabs og hooks med høg presisjon.

Barboza har også blitt meir bevegeleg i det siste og mestrar press og nedtakningsforsøk frå motstandarane mykje betre enn tidlegare. Klarer han å straffe Melendez sine offensive framstøt og i tillegg levere sine eigne sylskarpe kombinasjonar kan dette bli ein vanskeleg kamp å vinne for Melendez.

Heile UFC on Fox kan du sjå direkte på viaplay frå kl 04 i natt.

Leave A Comment