Eddie Alvarez på pressekonferansa etter kampen. Skjermdump: YouTube

Etterdønningar: Fight Night dos Anjos – Alvarez

Fight Night dos Anjos – Alvarez segla inn som eit av årets beste fight nights.

Endeleg er UFCs gallaveke i fightgame-metropolen Las Vegas i gong! Oppvarmaren til UFC 200, Fight Night – dos Anjos – Alvarez, leverte knallbra med mange underhaldande kampar, og legger dermed lista for dei to neste stevna i helga.

Få med deg videopakken til UFC 200 her

Mötorhead

Hovudkortet starta med eit attsyn med vår irske kamerat Joseph Duffy. Du veit, mannen som har submitta Conor McGregor. Duffy møtte Mitch “Danger Zone” Clarke i ein kamp for å få Duffy tilbake på vinnarsporet. Før kampen tenkte eg følgande: Er denne Clarke, som berre hadde to sigrar på siste fem, eigentleg noko til kar? Men så går han(eller han spring faktisk) elegant ut til Mötorhead sin udødelege klassikar Ace of Spades. I gamblingbyen Las Vegas. Av slikt blir eg solgt.

Det er noko med musikken utøvarar kjem ut til på vei til oktagonet. Godt låtval bygger opp stemninga, og er ein identitetsmarkør som fansen lett kan hugse. Det er rett og slett eit herleg avbrekk når fighterar går for noko ut av den gjengse musikkboksa.

 

Ace of spades til trass… “Danger Zone” Clarke var ikkje akkurat farleg grunn for Joseph Duffy. Duffy viste at irske bokseferdigheiter lønnar seg: Med eit godt planta høgreslag var det faceplant ned til canvasen på Clarke, der Duffy raskt satt inn ein submission. Så håpar vi berre at Joseph Duffy får ein betre motstandar neste gong. For iren sitt nivå er utan tvil nokre hakk over kva Clarke kan tilby.

Lytt på vår ferske podcast her!

Fighterhjarte

Underhaldinga fortsatte med stor stil då Alan Jouban ønskte Belal “Remember the name” Muhammad velkomen til UFC. Noko enkel velkomst var det ikkje. At Muhammad overlevde dei to første rundene som inkluderte fleire store rystelsar seier meir om fighterhjartet hans enn Jouban sine treffsikre slag og spark. Men Muhammad snudde kampen totalt i runde tre der han nedsabla metodisk Jouban, noko som gjor prestasjonen til Belal enda sterkare.

Dessverre var det noko for seint for nykomaren då klokka gjekk ut til dommarane å avgjere. Trass tap på dommarkortet kjem vi definitivt til å hugse namnet ditt, Belal!

The Black Beast

Forrige gong Derrick ‘The Black Beast’ Lewis gjekk kamp knuste han enkelt portvakta til tungvekts topp 15, Gabriel Gonzaga, og porten med han. Neste stopp for Lewis var Roy Nelson, som er endå ein test som alle tungvektarar må gjennom for å hevde seg mot den øvre kremen. Men her blei det fort vanskelegare. Ein Nelson med ein kynisk kampplan og med sin jernkjeve blei ei skikkeleg prøve for Lewis.

Etter ein tre-runders batalje der Lewis bombaderte Nelson med slag, som hadde knocka ut kven som helst, og ein Nelson som gong på gong tok Lewis ned på bakken, gjekk det til dommarpanelet å bestemme utfallet. Heldigvis blei slaga som Lewis påførte Nelson verdset meir enn nedtakningane og kontrollen som Nelson kom med.

Men Lewis, du må kanskje jobbe litt ekstra med grappling til neste gong! Frå no må du forvente at alle med eit fnugg av grapplingbakgrunn, som Cain, Barnett, Miocic og Werdum vil prøve å ta kampen ned på bakken. Med mindre du enkelt knockar dei ut då. Som sjølvsagt enkelt kan skje. For Lewis har TNT i alle slag han avgir, og er eit svært spennande tillegg i ein elles forelda tungvektsdivisjon.

Mannen frå Philly

Eg snakka litt om at dette kortet satt lista for resten av veka. Vel, for ei avslutning på eit fantastisk stevne! Eddie Alvarez. Gud og graut, som vi sei på nordvestlandet. Alvarez har ofte fått kritikk for å fighte “safe”, men kampen mot Rafael dos Anjos visar med tydelegheit at mannen frå Philadelphia slår frå seg når moglegheita byr seg. At RDA klarte å stå oppreist på beina etter alle slaga, før Herb Dean galant stoppa kampen, er eit under i seg sjølv.

Landskapet i lettvekt blei plutseleg veldig interessant og Khabib Nurmagomedov er naturlegvis allereie klar.

Congratulation to Alvarerez, his great job really surprised me. Every fighter has his own time, and I'm sure it's my time now InshaAllah. I hope Alvarerez won't start avoiding me. I believe good date for both of us UFC 204 or UFC 205. Поздравляю Альвареза, на самом деле меня он удивил, но он проделал прекрасную работу. У каждого бойца своё время и я уверен ИншаАллагь настало моё время подраться за титул, и я надеюсь Альварез не начнёт избегать этот бой. Примерная дата и для Альвареза и для меня думаю на UFC 204 или UFC 205. #Lightweightchampion

A photo posted by Khabib Nurmagomedov (@khabib_nurmagomedov) on

Leave A Comment