Urijah Faber og Dominick Cruz med face-off under pressekonferansa- Skjermdump: YouTube.

Sandalgutens kamp mot dominatoren

Eit nært ti år gamalt rivaleri skal avgjerast når Urijah Faber utfordrar tittelhaldar Dominick Cruz.

Er det noko UFC elskar så er det å sette opp trilogiar. Særleg var dette eit relativt hyppig fenomen før, då promosjonens divisjonar var skrale, det var enkelt å namngi alle utøvarane og omkampane florerte. Desse trilogiane har ikkje berre vore med på å definere UFC, men dei har også satt organisasjonen på kartet med mange minneverdige augeblikk.

Sjekk ut videopakken her.

Living death

Som regel er ein trilogikamp bygga på at det står uavgjort etter to kampar, og ein tredje kamp må til for å avgjere kven som faktisk er best, som Chuck Liddell sine kampar mot Randy Couture. Andre trilogikampar er tufta på det enkle faktum at utøvarane ikkje taklar trynet på kvarandre, som Tito Ortiz sitt legendariske rivaleri mot Ken «I’m gonna beat you into a living death» Shamrock. Forøvrig eit rivaleri der Shamrock tapte alle av dei tre oppgjera mot framadstormande Ortiz.

Sandalens forsvarer

Men i dei siste åra har trilogiane blitt meir ei sjeldanheit. To veteranar i Urijah Faber, sandalens største forsvarar, og Dominick Cruz skal likevel halde liv i tradisjonen. Til helga møtast dei nemleg for tredje gong, då det frå før står 1-1 mellom dei. Faber er faktisk Cruz sitt einaste tap på sine 21 kampar, der The California kid etablerte ein guillotine choke på ein ung Cruz tidleg i deira første kamp. Dei gjekk kamp ein gong til, men då var det ein heilt anna utgåve av Dominick Cruz som møtte opp. Ein Dominick Cruz som vi kjenner i dag, med sitt velutvikla signatur-fotarbeid.

Artikulert trash-talk

Eit anna element som har framskunda ein tredje kamp mellom desse er Dominick Cruz sine svært skarpe taleevner. Med kanskje dei mest artikulerte, analytiske og rappkjefta replikkane i UFC dominerar han når det kjem til verbal stridigheitar. Desse taleevnene har blitt brukt svært ofte mot Urijah Faber sitt fight team «team alpha male», som har mange utøvarar i bantam- og i fluevekt. Her har Dominick Cruz blant anna omdøpt team alpha male til team alpha fail, ettersom det har skranta på tittelbeltefronten.

Men er det eigentleg dårleg stemning mellom Urijah Faber og Dominick Cruz? Cruz sa nyleg i eit intervju at “people like seeing fighters who doesn’t like each other fight, and I don’t like the guy”. Vidare sa han at han respekterte Faber som utøvar. Ikkje den mest overbevisande feida samanlikna med til dømes Tito Ortiz og Ken Shamrock, eller det nyare eksempelet i Jon Jones og Daniel Cormier, altså. Kanskje ikkje rart, då Cruz var ute med kneskader var det ein noko venskapleg tone mellom Cruz og Faber. I tillegg har dei hatt ein felles rival i T.J. Dillashaw, the snake in the grass, som plutseleg forlot Team Alpha Male og gjekk tittelkampar i ettertid.

 

Sjølv om dei riktignok kranglar mykje og bygger opp kampen på ein bra måte, så er nok hovudmotivasjonen at Urijah Faber er ein stor profil i UFC som trekk ein del TV-sjåarar, i større grad enn behovet for ein trilogikamp for å avgjere kven som er best. Etterspurnaden for ein rematch mellom Cruz og Dillashaw var heller ikkje tilstade, så i Dana White sine velkjente ord: “the fight makes sense”.

Dillashaw

For Cruz blir dette ei fin anledning til å endeleg avslutte Urijah Faber-kapittelet og forsvare tittelen mot andre utfordrarar som framadstormande Cody Garbrandt. Spørsmålet er om kroppen taklar det særleg mykje lenger. Cruz har berre gått to kampar(!) dei siste fem åra takka vere kneskader i begge bein. Han kjenner seg likevel frisk i desse dagar, men ein veit aldri.

Om Faber vinn eller taper så er det, ifølgje Conor McGregors ord, berre ein naturleg kamp for UFC å sette opp, og det er Faber mot hans tidlegare læresvein T.J. Dillashaw. Her er det reelle følelsar i sving, og ei god forhistorie.

Kampfakta

Urijah “The California Kid” Faber, 33-8

  • Rangert som nr 2 i bantamvekt
  • 19 av 33 sigrar via submissions
  • Svært rutinert
  • Gode nedtakningar
  • Rask og eksplosiv

Dominick “The Dominator” Cruz, 21-1

  • Tittelhaldar i bantamvekt
  • Svært godt fotarbeid
  • Vanskeleg å treffe
  • Kondisjonsmaskin
  • Presise og hurtige slag
  • Nedtakningar

Kampanalyse

Cruz sin suksess er mykje takka vere eit formidabelt fotarbeid. Eit utvikla fotarbeid der han i konstant sideveis bevegelse nyttar noko som kan minnast om “Ali-shuffle”, for å finne vinklar for sine presise slag. Det har vore så bra at andre utøvarar, som T.J. Dillashaw har plukka det opp og brukt liknande system sjølv med stort hell (fram til han sjølv møtte Dominick Cruz, naturlegvis). Eit anna moment er hans evne til å sette opp desse angrepa med lynraske nedtakningar. Fotarbeidet gjer det ikkje berre vanskeleg for motstandaren å forutsjå angrepa, men det er også med på å gjere Cruz til eit svært vanskeleg og frustrerande mål å treffe. I tillegg skapar det opningar for kontringar som Cruz likar å hente fram.

Han har også vist at han har eit velutvikla nedtakningsforsvar som gjer at Cruz i stor grad kan dikterere kvar kampen skal gå. Alt dette merka Urijah Faber då han og Dominick Cruz gjekk kamp sist i 2011. Cruz’ konstante bevegelse, treffsikre volumslag og evne til å halde Faber vekk frå både å ta han ned og frå å treffe Cruz var med på å bikke kampen i Cruz sin favør. Faber vann derimot to runder, mykje takka vere slagkraftige enkeltslag som rysta Cruz.

For Faber blir dette ein tøff kamp mot Cruz, der Californias store son er nødt til å få landa dei store slaga slik han kan sette i gong ein storoffensiv med slag, spark, kne og nedtakningar som han er berykta for. Nede på bakken har Faber ei rekke velpolerte kvelningsteknikkar som han gjerne vil dra nytte av. Men om Cruz held same figur som sist gong mot Faber, og er i minst like god form som då Cruz møtte T.J. Dillashaw tydar alt på at dette blir ein lang kveld for Urijah Faber.

For dei spesielt interesserte vil eg anbefale å sjekke ut Dan Hardy si kampanalyse på Inside the octagon her

Leave A Comment