Gunnar Nelson. Skjermdump: YouTube.

Gunnars veg tilbake

Det blir ein kamp om kven som høyrer heime i topp 15 når Gunnar Nelson og Albert Tumenov møtar kvarandre i kveld.

Etter to tap på sine tre siste kampar har Conor McGregors faste treningspartnar og gode venn, Gunnar Nelson nødt til å kome seg tilbake på vinnarsporet. Men, utfordringa blir knallhard. Klarer han det mot formsterke Albert Tumenov?

Videopakken

UFC Fight Night Rotterdam direkte på viaplay.no frå kl 18

Nelson sin entré

Gunnar Nelson sin UFC-entré var alt anna enn dårleg. Med stoisk ro ordna han seg tilsynelatande lette sigrar mot motstandarane som blei kasta mot han. Dette skuldast hovedsakleg hans gode egenskapar innan karate og ikkje minst grappling. Men mot jiu-jitsu acet Damien Maia blei det likevel bom stopp. Ein svært lite triggerhappy Nelson blei her totaldominert. Sjølv om Gunnar Nelson har tufta si karriere på nettopp submissions viste Maia at han er UFCs beste i brasiliansk jiu-jitsu. Det einaste Nelson fekk til i den kampen var å hindre Maia sine submission-forsøk. Noko som riktignok er ei bragd i seg sjølv.

Passiv

Men det var ikkje berre at han blei dominert som var litt overraskande. Heile Nelson sin framtreden var rar. Nelson var svært passiv der han nesten ikkje slo frå seg, sjølv når fleire anledningar baud seg. Det hjalp heller ikkje at han var svært stasjonær i fotarbeidet. Ein kan nesten spørje seg om den notoriske roa tok litt for mykje overhand. Uansett, så gjor dette jobben for grapplinghissige Maia svært lett.

Ei oppvisning i grappling

Samstundes ønska kanskje Nelson at oppgjeret mot Maia skulle bli ei oppvisning i grappling. Det er ikkje umogleg: Før kampen sa Nelson at han ikkje hadde noko i mot om kampen gjekk ned på bakken. Dette blei begrunna med at Nelson sjølv er ein merittert grappler, med god plassering i den prestisjetunge ADCC. At nivåforskjellen likevel skulle vere så stort var kanskje ikkje Nelson budd på.

Lytt på vår siste podcast her

Albert Einstein

Heldigvis kan Nelson gjere opp for kampen mot Maia når han no møter Albert “Einstein” Tumenov. Men dette blir inga lett sak. I motsetning til Maias grapplinggame blir utfordringa no på det ståande planet. Med sine 11 knockouts på tapeten er Tumenov ein soleklar knockoutartist.

Det er ikkje tilfeldig då Tumenovs bokseteknikk er sylskarp. Blanda med eit godt stykke killerinstinct, hurtigheit og kraft gir dette ein farleg kombinasjon. Dette er med på å forklare kvifor den tidlegare studenten ved universitetet i Moskva, med bachelorgrad i hand, har 5 sigrar på rad i UFC. Desse har gjort at han raskt har segla seg inn som nr 13 på rangslista til UFCs weltervektsdivisjon.

Rangslista

På denne rangslista er faktisk ikkje Gunnar Nelson å spore. For Gunnar Nelson blir kampen mot Tumenov difor veien inn mot rangslista igjen. For Albert Tumenov blir kampen mot “Gunni” den mest profilerte til no, og ei fin anledning til å vise seg fram for fans som ikkje kjenner til han. Taper Tumenov er det stor sjanse for at herrane bytter plass: Tumenov fell ut og Nelson kjem inn.

Kampfakta

Albert “Einstein” Tumenov, 17-2

  • rangert som nr 13 i weltervekt
  • 11 knockouts
  • Svært teknisk boksing med gode kontringar
  • Kraftfulle spark
  • Momentum med 5 sigrar på rad
  • Godt nedtakningsforsvar
  • Svært offensiv

Gunnar “Gunni” Nelson, 14-2

  • Merittert grappler
  • 10 av 14 sigrar via submissions
  • karatestil
  • Vanvittig ro inn mot kamp
  • Treningspartnar med Conor McGregor

Kampanalyse

Når ein ser på papiret så står den eine oppført med 11 knockouts og den andre oppført med ti submissions. For Tumenov sin del blir då kampplanen ganske enkel: Halde det ståande slik at han kan nytte kickboksinga si, der han med svært gode kombinasjonar med uppercuts, hooks, høge spark og høgrestrak heile tida får motstanderen til å gjette. I motsetning til kampen mot Damien Maia er Gunnar Nelson her storfavoritt på bakken og vil ønske å ta kampen ned. Spørsmålet blir då om han klarer å tette avstanden og på den måten kome inn i klinsjen utan å bli straffa for det – som han mesterleg gjorde mot Brandon Thatch der han med ein lynrask jab og høgrestrak tetta avstanden. Det er den utgåva av Nelson som bør kome fram. 

 

Leave A Comment