Vitor Belfort. Skjermdump: YouTube

Fenomenet mot jiu-jitsu kongen

Det blir heilbrasiliansk toppkamp når Vitor Belfort møtar Ronaldo Jacare Souza under UFC 198

Den eine er rangert som nr to i weltervekt, den andre som nr tre. Begge er frå Brasil, og begge har gått kamp mot tittelhaldar Luke Rockhold. Her tapte Ronaldo “Jacare” Souza knepent på dommaravgjersle mens Vitor Belfort vann via ein spektakulær knockout. Natt til søndag kjempar brasilianarane mot kvarandre i eit klassisk striker mot grappler-oppgjer. Gevinsten? Gullbillett til neste tittelkamp.

Sjekk ut vår ferske podcast her!

Den gamle løva

For eit år sidan skreiv vi analyse om Belforts tittelkamp mot Chris Weidman. Denne kampen vart predikert som den gamle løva si siste tittelreise. Sjølv om det endte i tap for Belfort har ikkje han lagt hanskane på hylla av den grunn. I stadenfor tilførte han ny olje i relevanse-tannhjulet då han seks månedar seinare knocka ut Dan Henderson. At Vitor Belfort framleis held seg relevant er i seg sjølv formidabelt. Å berre tenke på at Belfort debuterte for UFC i 1997, snart 20 år sidan, er rett og slett utruleg. Dette var altså fleire år før ein hårete Dana White og Fertitta-brødrene kjøpte opp UFC. Dette var også før Windows 98, Nokia 3210, flatskjermar og Matrix.

No treng Belfort, som offentleg gjekk ut å støtta Donald Trumps motkandidat Ben Carson, berre å overvinne ei hindring til før han på ny endar opp med ein tittelkamp. Men denne hindringa er ikkje akkurat ein formalitet, ei heller er hindringa ein meir eller mindre avdanka 45-år gamal Dan Henderson – som har tapt seks av sine siste åtte kampar. Vi snakkar om Ronaldo “Jacare” Souza, ein av mellomvekts aller beste.

SOUZA vs BELFORT!!! Tomorrow LIVE on PPV!

A video posted by Dana White (@danawhiteufc) on

Gull-medaljør

Det er ikkje utan grunn at Jacare er ein av kremutøvarane i UFC. Med ein grappling-CV beståande av to gull og tre sølv i den gjeve ADCC-turneringa, samt åtte(!) VM-gull i brasiliansk jiu-jitsu er den ekstreme atleten ein av MMAs beste på bakkekamp. Dette er ikkje berre takka vere jiu-jitsu teknikkar. I tillegg til å ha eit svartbelte i judo er han også ein formidabel brytar.

Les også: Videopakken UFC 198

Souza sine ferdigheiter er med på å forklare kvifor han enkelt etablerte heile sju sigrar på rad. Etter dette blei han plasserte i kamp mot cubanske og svært religiøse Yoel Romero under UFC 194 i desember. Intensjonen var at vinnaren skulle bli skjenka ein tittelkamp. Denne tapte Jacare knepent etter at eit splitta dommarpanel ga Romero tommelen opp. Men kampen har endt i kontroverser der Romero i ettertid testa positivt på USADA sine dopingprøver. No er Romero utestengt i eit halvt år, og ein kan spørje seg om kampen hadde sett annleis ut om Romero ikkje var på dopingmidlar. Interessant nok står resultatet uendra.

UFC 199

Kven vinnaren av Souza – Belfort møter blir avduka under UFCs neste storkort i juni. Her skal Chris Weidman prøve å revansjere tapet sitt mot Luke Rockhold. Det byr altså på fleire eventualitetar.

Med eit tap for Belfort er det naturleg å spørje seg om det er siste gong den 39 år gamle Belfort, som no ikkje lenger går på TRT, vil kjempe om ein tittelkamp. Den gamle løva blir ikkje yngre, og i ein divisjon med fleire store atletar som Rockhold, Jacare, Romero og Weidman i toppen er styrke og kondisjon eit element ein ikkje kan ignorere.

Likevel: Divisjonen er syltynn og erfaringane i dei tyngre divisjonane har vist oss at steget opp til tittelkamp ikkje akkurat har blitt lengre. Ein kan rett og slett ikkje utelukke eit scenario der Belfort framleis hevdar seg i toppen.

Kampfakta

Ronald “Jacare” Souza, 22-4, #2 mellomvekt

  • Ein av MMAs beste i BJJ
  • Sterk på nedtakningar
  • Svært atletisk
  • Sju sigrar på åtte siste
  • Knockoutkraft
  • Stadig bedre kickboksing

Vitor “Phenom” Belfort, 25-11, # 3 i mellomvekt

  • Debuterte som profesjonell i 1996
  • Flest knockouts i UFC (12)
  • Vunne flest kampar i første runde i UFC (13)
  • Rask og svært slagkraftig
  • Etablert eit sterkt sparkegame
  • Undervurdert på bakken
  • Blitt litt meir tolmodig, kalkulert og kontringshissig som striker

Kampanalyse

Sagt enkelt blir dette ein klassisk kamp mellom ein spesialist på bakken og ein spesialist på striking. Jacare legg ikkje skjul på at han ønskjer å ta Belfort ned og submitte han. Belfort vil nok ein gong ende kampen med ein knockout, helst i første runde, som han stort sett har gjort i karriera si.

Eit av Jacares middel er hans evne til å sette opp nedtakningane med eit aggressivt oppsett av slag og spark. Jacare er heilt avhengig av å korte ned distansa og rive Belfort ned på bakken. Dette blir ikkje ei enkel sak. Belfort har vist seg å ha eit godkjent forsvar mot brytarar, som då han møtte Anthony Johnson. I tillegg kjem Belfort til å forsøke å straffe eit kvart nedtakningsforsøk med presise slag og spark. Men, Jacare er Jacare, og hans nedtakningsevner er på eit heilt anna nivå enn Johnson.

Ein ting er i alle fall klokkeklart, statistikken tydar på at kampen neppe går til dommarpanelet…

Kampen kan du sjå på viaplay.no frå kl 04.00 natt til søndag.

Leave A Comment