Gabriel Gonzaga. Skjermdump: YouTube

Tungvekts evige portvakt

Har Derrick Lewis det som skal til for tungvekts topp 15? Mot Gabriel Gonzaga får han sin elddåp.

Eit av dei aller største sjokka i UFCs historie var då jiujitsu-svartbeltet Gabriel Gonzaga i 2007 knocka ut legenda Mirko “Cro Cop” Filipovic – med eit spark til hovudet likt det ‘Cro Cop’ sjølv har tufta karriera si på. Etter denne kampen hadde Gonzaga seks sigrar på rad, eit fantastisk momentum med mange superlativer haglande etter seg, og tittelkamp mot Randy Couture i sikte. Trass dette blei tittelbeltet aldri ein realitet for den då framadstormande Gonzaga, men heller ei tilvere som tungvektsdivisjonens evige portvakt.

Følg oss på facebook

Lytt på vår siste podcast – med Jake Shields som gjest

Gatekeeper

Gatekeeper er det uformelle begrepet som blir brukt på den eller dei i divisjonen som aldri har nådd heilt opp, aldri er for dårleg, men som bevisst blir brukt som ei innviingsprøve for UFCs nyankomne. Dei har uoffisielt fått stempelet, og dei har fått ei klar rolle. Oppgåva til denne portvakta er å vere inngangsportalen til eliten av vektklassa. Slår du han har du bevist at du har det som skal til for å ta utfordringa mot kremen av divisjonen. Gabriel Gonzaga er ein av desse godt brukte og trufaste portvaktene til UFC. I tungvekt har han bekledd denne rolla i ei årrekke: Nokre tap her, nokre sigrar der, men alltid ein farleg test for alle.

Sjekk videopakken for Fight Night Zagreb her

Notorisk inkonsistent

At Gonzaga har potensial til å vise storheit kom tydeleg fram mot Cro Cop, Ben Rothwell og Shawn Jordan. Med knockoutkraft og svartbelte i brasiliansk jiu-jitsu har han på god måte kombinert styrke og teknikk. Likevel er han notorisk inkonsistent. Om dette skuldast motivasjon, treningsteam, kondisjon, hans t-skjorte firma, eller ein kombinasjon er heller uvisst. Hans siste kamp mot russiske Konstantin Erokhin, til dømes, går inn som ein av fjorårets mest uinspirerande kampar. Gonzaga vann riktignok, men absolutt ikkje på ein måte som fekk Dana White eller matchmaker Joe Silva til å heve augebryna.

Kampen før Erokhin var eit returoppgjer mot Cro Cop. Her var derimot Gonzaga påskrudd, med fleire gode nedtakningar, offensivt bakkegame og hissige høgreslag. Likevel klarte den no pensjonerte Cro Cop å snu kampen i tredje runde, der han etter eit godt klinsjarbeid sementerte sigeren med momentante og sylskarpe albogar i Gonzagas guard(!). Det er nettopp dette som har holdt “Napao” fastklemt i rolla si – han meistrar ikkje å vere konsistent.

Derrick

Ein av dei som skulle prøve å kome gjennom Gonzaga og porten til dei øvre tungvektsmakter var den talentfulle teknikaren Ruslan Magomedov. Men, grunna ei kneskade måtte russeren trekke seg. På kort varsel har erstattar Derrick Lewis tatt utfordringa. Kanskje ikkje dumt, Lewis, med det klengande namnet ‘Black Beast’ er også eit relativt nytt anlet i den aldrande tungvektsdivisjonen. Med 5-2 i UFC  – etter debuten i 2014 – og omtrent berre knockouts på papiret ønskjer sluggeren å få etablert tre sigrar på rad.

For der Lewis kan propellere seg opp til topp 15 i tungvekt med siger, kjempar kanskje Gonzaga for sin UFC-eksistens. Gonzaga har tapt tre av dei fire siste, og er kanskje nødt til å imponere sjefane i UFC for å vege opp etter Erokhin-kampen. Samstundes, er det i UFC si interesse å gi frå seg nok ein profilert utøvar til konkurrent Bellator? 

Kampfakta

Derrick ‘The black beast’ Lewis, 14-4

  • knockoutkraft
  • kuttar vekt ned til tungvektsgrensa
  • fighterhjarte
  • utviklande bakkegame
  • Bra ground and pound

Gabriel ‘Napao’ Gonzaga, 17-10 

  • Erfaren
  • svartbelte i BJJ
  • Svært sterk toppkontroll på bakken
  • Farleg i alle fasar av MMA
  • knockoutkraft
  • Inkonsistent

Kampanalyse

Begge har mange knockouts på tapeten, men der Lewis si styrke er ståande har Gonzaga offensive verkty overalt. Brasilianaren vil mest truleg utnytte dette og skyte etter nedtakningar for å etablere toppkontroll, som mot Mirko “Cro Cop” Filipovic. Sjølv om Lewis framleis har store manglar på bakken klarte han å forsvare seg mot submissionforsøka frå Ruan Potts, som har svartbelte i judo og BJJ. Dette kan gi ein indikasjon på at han har nok ferdigheiter til å nøytralisere Gonzagas forsøk. Men Potts er ikkje akkurat kremen, han har nemleg tapt alle sine fem kampar i UFC.

Samstundes, Lewis treng berre å levere eit fåtall slag ståande og det heile kan vere over. 

Denne kampen og UFC fight night Zagreb kan du sjå frå kl 20 søndagskveld – gratis på viaplay.no.

Leave A Comment