Gegard Mousasi (t.v.) og Thales Leites under innveginga i går. Skjermdump: YouTube.

Tittelkandidat eller gatekeeper

Det blir ei strid om ein plass i tittelbildet når veteranane Mousasi og Leites går kamp i kveld.

Frå 2006 fram til 2013, hadde Gegard Mousasi ei imponerande sigersrekke – kort uavbrutt av eit tap mot Mohammad “King Mo” Lawal som låg som eit passivt bryteteppe over han i 3 runder. Med denne sigersrekka blei han skutt opp som ein av mellomvekts aller beste. Men, alle desse kampane var utanfor UFC – og trass sigrar mot gode motstandarar som Mark Hunt, Jacare Souza, Hector Lombard og Ovince St. Preux var han ikkje særleg kjent for den jamne UFC-sjåar. Det var i stor grad hardcorefansen som haldt eit godt auge til Mousasi sine MMA-ferdigheiter – og som i auka grad etablerte han som ein av undergrunnskongane av MMA.

Sjekk vår nye podcast i forkant av UFC Fight Night: London her

Nok ein dag på jobb

Men det var ikkje berre sigerane som gjer at Mousasi, som gjekk sin første UFC-kamp i 2013, har ei høg stjerne. Mousasi har nemleg ei utruleg ro  – det stokk motstatte av karismatiske typar som Conor McGregor – og ei fullstendig profesjonell framtoning som gir uttrykk for at kvar kamp er som ein ny dag på jobb. Roa han utstrålar før kamp er nemleg så markant at ein nesten trur at han er likegyldig om han vinn eller tapar.

Ein kan spekulere om denne roa og «nok ein dag på jobben»-utstrålinga gjer at det har gått litt på autopilot for Gegard Mousasi: at gnisten for å gi det lille ekstra for å vinne UFC-beltet etter alle desse åra i proffsirkuset, ikkje er tilstades. At status quo – som inneber å være innan rekkevidde for dei profilerte kampane, men kanskje ikkje knive febrilsk etter ein tittelkamp – rett og slett er godt nok.

Tidlegare tittelutfordrar

Ein som har gått tittelkamp i UFC er Gegard sin motstandar og BJJ-spesialist Thales Leites. Han gjekk mot returklare Anderson Silva tilbake i 2009 i epoka då Silva regjerte med Matrix-liknande evner. Trass dominansen til Silva, som leverte spektakulære knockouts og submissions som perle på ei snor, var Leites den første til å ta «The spider» til dommaravgjersle i UFC. Det blei likevel eit tap og den etterfølgande kampen blei nok et nederlag.

Etter ei periode utanfor UFC har Leites returnert til UFC. Denne gongen med stor revansjelyst. Han har vunne 5 av dei 6 siste kampane, der den siste var eit knepent tap mot Michael Bisping.

«The mix»

Under UFC-embedded nemnte Gegard Mousasi at han trengte ein siger mot Leites som ein inngangsportal til eit forsøk på tittelen. Eit naturleg steg for sigerherren mellom Mousasi og Leites er til dømes vinnaren mellom Silva og Bisping – ein tanke som Mousasi såg for seg. Uavhengig av neste motstander er målet uansett å entre det Dana White infamøst kallar «the mix», denne betegninga om kven som er aktuelle for framtidige tittelkampar. Difor er denne kampen karrieremessig viktig for både Leites og Mousasi.

Thales Leites

  • 25-5, rangert som #10 i mellomvekt
  • Svartbelte i Brasiliansk Jiu-Jitsu
  • 14 av 25 sigrar via submission
  • Stor forbetring i ståande kamp
  • Tåler mykje: Aldri tapt via knockout

Gegard Mousasi

  • 37-6-2, rangert som #9 i mellomvekt
  • Svært allsidig – farleg i alle aspekt
  • Skarp boksing med god jab
  • Svartbelte i Judo
  • God nedtakning- og submissionforsvar

Kampanalyse

Gegard Mousasi har møtt gode BJJ-spesialistar før, som Jacare Souza, og klart seg bra. Han har i tillegg, med unntak av ‘King Mo’, handtert brytarar ved effektiv bruk av jabben for å halde dei på avstand. Nøkkelen for Mousasi blir naturlegvis å halde det komfortabelt ståande med jab og teknisk boksing, likt då han møtte Ilir Latifi i Sverige i 2013. Samstundes har Thales Leites gått frå å være ein “one trick pony” til å bli rimeleg god ståande, som han viste gjennom knockoutsigeren mot Francis Carmont. Mot Tim Boetsch var Leites heller ikkje redd for å ta kampen ståande, ein strategi som likevel holdt på å koste han i første runde. Det blir difor interessant å sjå kva strategi Leites vel å bruke mot “the dreamcatcher”, for ståande er Mousasi hakke kvassare.

Leave A Comment