Tittelkamp i Bellators veterandivisjon

Vil Ken Shamrock endeleg slå Royce Gracie i den svært etterlengta returkampen 20 år på overtid?

Det blir ekte western når Donald «Cowboy» Cerrone og Alex «Cowboy» Oliveira skal møte kvarandre under UFC Fight Night i helga. Men det er ikkje dette som er helgas store MMA-snakkis. Bellator inviterar nemleg til storprofilert nostalgiaften og ektefødt freakshow natt til laurdag.

Sjekk ut vår videopakke for UFC Fight Night her.

Spol tilbake til 1993 og UFC 1. Det er 8-mannsturnering og utøvarar frå fleire stilartar er invitert til å finne ut kva den beste kampsporten er. Den brasilianske Jiu-jitsu meisteren Royce Gracie går sin første kamp i turneringa mot boksaren Art Jimmerson. For anledninga går Jimmerson inn mot kampen med berre éin boksehanske, i eit edelt og noko spesielt forsøk på å kombinere boksing og nedtakningsforsvar.

Dessverre for Jimmerson klarte han verken å levere eit slag eller forsvare seg mot den raske nedtakninga. Frå bakken var det kort prosess for Gracie, som vann kampen via submission.

Seinare på kvelden møtte Gracie Ken Shamrock. Det same skjedde her. Etter berre 57 sekund inn i første runde låste han inn nok ein submissionsiger, før Gracie omsider vann turneringa på same måte mot Gerard Gordeau i finala.

MMAs mest innflytelsesrike

I dei neste åra feia Royce Gracie all motstand til sides med si ekspertise innan brasiliansk jiu-jitsu. Hans inntog i UFC var ein av dei aller mest sentrale i å definere det som omsider blei sporten MMA, og i moderne tid har han blitt kåra til sportens mest innflytelsesrike utøvar. Ein anna som har prega MMAs histore er Ken «the world’s most dangerous man» Shamrock. Desse møtte kvarandre nok ein gong i 1995 i det som står igjen som UFCs lengste og kanskje kjedeligaste kamp, der ein Ken Shamrock regelrett låg som eit teppe over Gracie i 36 minutt. Det heile endte i uavgjort på grunn av at UFC ikkje hadde dommarar(!) til å bestemme utfallet av kampen.

I etterkant av kampen krangla både Shamrock og Gracie om kven som eigentleg gjor mest for å vinne, og forsøk på å få til ein omkamp av den svært lite inspirerande kampen blei aldri materialisert.

Før 21 år seinare.

Bellator og promotør Scott Coker har nemleg overgått sine tidlegare nostalgioppsett av falmande UFC-stjerner. I helga, under Bellator 148 toppar ein 52-år gamal Royce Gracie og ein 48-år gamal Ken Shamrock plakaten. Eit rivaleri nederst i historiearkiva under fleire lag støv er henta fram og skal “endeleg” avgjerast i ein arena der dopingkontrollørar ikkje slepp til…

Backyard brawls

Men, Bellator stoppar ikkje der. Før Gracie og Shamrock går inn i ringen, skal ein anna kamp avgjerast. Youtube-fenomen og kongane av «backyard brawls», Kimbo Slice og Dhafir “DADA 5000” Harris skal møtast. DADA, som var Kimbo Slice sin tidlegare personlige vakt, blir beskulda av Kimbo for å kopiere hans image og veg til popularitet gjennom fistfights på Youtube. DADA har nemleg gjennom dokumentarfilmen Dawg Fights, som er tilgjengeleg på Netflix, skapt seg eit namn som arrangør av nevekampar i den Amerikanske ghettoen – ein alternativ konfliktløysning til bruk av skytevåpen. Som ein slags sjølvoppnemnt messiah i den urbane forstaden i Florida forsøkar Dada å gi folk som har havna ut på sidelinja ei moglegheit til å bokstaveleg talt kjempe seg ut av ghettoen gjennom kampar og tjene eit livsopphald på fighting. Ein av dei som klarte steget frå youtube til profflivet var Kimbo Slice, som flytta ut og skapte seg eit stort namn.

 

Det kan tyde på at DADA 5000 ønskjer å ta over stafettpinnen til Kimbo Slice. Men for å få til dette har han skjønt at han må ta skalpen frå eit stort namn, og kven betre enn Slice?

Sportsleg irrelevanse

Sjølv om dette er store profilar i sporten er det sportsleg totalt irrelevant kva utfallet blir. Men, Scott Coker har skjønt noko. Forrige old-boys-kamp mellom Ken Shamrock og den 42 år gamle Kimbo Slice i fjor sommar lokka fleire millionar sjåarar til TV-skjermane og knuste dermed Bellators sine rekordar. Shamrock, Slice, Gracie og til ei viss grad DADA er store namn blant fightfans, og liknande sjåartal blir nok reprodusert. Det stoppar nok ikkje der. Den tidlegare bankerotte Ken Shamrock har med stort engasjement nyleg uttalt at slike kampar mellom gamle “legends of the sports” er framtida.

Denne “langsiktige” strategien, som sikkert ikkje Coker og Viacom snur ryggen til med det første, triumferar nok den langt mindre eksotiske forretningsideen om å bygge opp eigne talent og profilar i Bellator.

Ein ting er uansett sikkert, det blir ikkje ein kveld med teknisk brillianse. For dei som har sett DADA på youtube veit at all bokseteknikk går ut vindauget når han går kamp. Kva han kan om MMA er òg uvisst. Fundament som guard og hoftebevegelser eksisterar ikkje. Det er “balls to the wall” og ville slag, noko ein litt meir disiplinert og teknisk raffinert Kimbo vil prøve å utnytte. Kva gjeld Shamrock og Gracie som begge er rundt 50 år, er spørsmål som kondisjon og evne til å ta imot slag det som vil vere mest utslagsgivande.

Leave A Comment