MMA-Revyen Sverreprat – Episode 122 – 23.02.2016

I episode 122: Anderson Silva vs Michael Bisping, Conor McGregors neste motstandar og André “tech-rock” Eriksen i det portable studio.

I denne vekas Sverreprat gjestar den norske raplegenda André “Tech-Rock” Eriksen frå gruppa Warlocks. I tillegg til å produsere musikk, kunst og drive med skodespel har Eriksen vore fan av MMA ei årrekke. Vi snakkar om opphavet til hans interesse for MMA, hans favorittfighterar og MMA-sportens utvikling frå starten og fram til no – illustrert av Royce Gracies og Ken Shamrocks kamp i helga.

Vi snakkar også norske MMA-legender: Thomas “Moon Lee” Hytten som skal gå sin siste kamp 9. April i Sverige, og Joachim Hansen som skal returnere til ringen i Japan 27.mars.

Michael Bispings heller minimale sjansar mot returklare Anderson “The Spider” Silva blir naturlegvis diskutert – ein kamp som går av stabelen i London komande laurdag. Vil ein spektakulær siger mot Bisping skyte Silva opp som ein gloheit tittelutfordrar?

Rafael dos Anjos skade, og Conor McGregors nye motstander blir også omtalt. Vil det bli oppvarming og enkle dollars McGregor før ein ny tittelkamp dukkar opp under ein storgalla som UFC 200?

Finn oss på Stitcher
Finn oss på RSS
Finn oss på iTunes

Leave A Comment