Etterdønningar: UFC Fight Night London
Det var utvilsamt kampen mellom Anderson Silva og Michael Bisping som stjal overskriftene under Fight Night London.
Endeleg var UFC tilbake i England, endeleg kunne vi sjå UFC direkte utan å måtte snu døgnet, og endeleg var Anderson Silva tilbake i Octagonet. Men, trekkplasteret for kvelden skulle vise seg å bli ein kaotisk, kontroversielt og ei rar oppvisning.
“I’m back to normal. Thank you for help me for come to here” – Anderson Silva, 2016
Kveldens beste feiring
Om vi ved enden av året skal sette fokus på dei beste MMA-feiringane fekk vi fram to kandidatar under helgas event. Min favoritt går utvilsamt til UFC-debutant Krzysztof Jotko på underkortet som på flagrant vis og i herleg symbiose miksa breakdancing og spretting via kroppen.
Den andre kandidaten som må trekkast fram er karismatiske Mr. Finland himself, Makwan Amirkhani, som etter tre kampar i UFC er like imponerande etter kampen som i.
Mousasi på autopilot
I analysa vår av Gegard Mousasi og Thales Leites blei det spådd at Mousasi kom til å dominere kampen komfortabelt med bruk av jabs på samme måte som då han gjekk kamp mot Ilir Latifi. Det kom difor ikkje som eit sjokk at Mousasi styrte sigeren i land gjennom ein mindre interessant bokseklinikk beståande jab og strak høgre.
Det blei også skrive at Mousasi er ein av UFCs beste i å ha ei “I couldn’t care less” haldning. Det blei difor i den same analysa retta kritikk mot den tilsynelatande likegyldige haldninga til Mousasi. Men, etter kampen kom det antydingar om at Mousasis elegante fasade har sprukke då han etter å ha blitt bua på gestikulerte sint mot publikum. Dette kom også i uttrykk i eit intervju med Ariel Helwani seinare på kvelden. Her uttalte han noko friskt, ikledd ei spenstig hawaiiskjorte og gule sko, at han ønskjer omkamp mot Lyoto Machida når Machida ikkje er på steroider og er smurt i fett. Før han avslutta med “fuck him”. Er det ein ny Gegard Mousasi vi ser? I så fall kan det bli interessant!
Reebok-Silva
Det var noko rart over det heile då 40-år gamle Anderson Silva kom ut i fem lag med Reebok-tøy og ikkje i den velkjente NIKE-bekledninga med godt plasserte Burger King logoar på shortsen. Ikkje var Sensei Steven Seagal med oransje skytebriller og kamuflasjeskjerf med på laget heller. Bruce Buffer tok seg heller ikkje bryet med å reise over dammen for å introdusere det som har vore ein av tidenes beste utøvarar (sjølvsagt bak Fedor Emelianenko). Det var liksom som at ei tid var forbi. Lite visste eg at dette skulle smitte over til sjølve kampen også.
Kaos
For i dei to første rundene blei ein passiv Anderson Silva satt under sterkt press av ein svært hissig Bisping som på veldig ikkje Bisping-vis klarte å ryste Brasilianeren med slag: Ikkje berre i første runde, men i andre runde også. Det gav umiddelbare flashbacks til den første Weidman-kampen der Anderson Silva blei knocka ut. Kampen bar stort sett preg av å være ein rein bokseaffre – det virka nemleg som at “the Spider” ikkje ønska å sparke lenger i frykt for å få ei reprise av Weidman-kampen.
Han eg såg kampen med, som aldri har sett MMA før, spurte meg om Anderson Silva snart skulle slutte å være klovn og heller prøve å vinne. Vel, klovneriet hadde ei pause på slutten av tredje runde då ei real blanding av kaos og rare hendelsar tok over. Etter at Silva fekk inn sitt flygande kne mot Bisping i det bjella ringte feira brasilianeren det han trudde var er ein siger. Samstundes prøvde Herb Dean febrilsk å rydde vekk folk som strøymd til mens han samstundes ropte at kampen ikkje er over. Det som kanskje burde blitt avslutt der og då endte opp i to nye runder mellom ein skadeskutt Michael Bisping og ein oppilda Anderson Silva som aldri klarte heilt å sette inn den siste offensiven. Kanskje han trudde sigeren var i boks etter runde tre?
Uansett om ein er enig i utfallet av kampen eller ikkje så passar det med ei elegant strofe engelsk frå vår kjære Anderson:
“I’m back to normal. Thank you for help me for come to here.”
Vi kan vel liksågreit slenge inn “The Count” Bisping også:
“As you can tell, I’d like to see a doctor for a second, then a beer”.