Underhaldningsmaskinas møte med sluggeren
Blir det Showtime når den returklare Anthony Pettis møter hardtslåande Eddie Alvarez?
Det var inkludert på alle høgdepunkt som UFC presenterte. Alle kjente til Anthony Pettis sitt fantastiske og akrobatiske spark der han på Jet Li vis tok sats i octagon-veggen og rysta Benson Henderson ned til canvasen. Etter dette var Pettis si karriere på veg rett opp med fleire spektakulære sigrar som kulminerte i tittelbeltet. Sponsorane flokka seg til «Showtime» og mogleg kamp mot Jose Aldo var på trappene. Men, Rafael dos Anjos ville det annleis og regjeringstida til Pettis blei brått over.
Sjekk ut vår ferske podcast her
«Showtime»
Det er ikkje utan grunn Pettis har kallenamnet «Showtime». Det er som å sjå ein klassisk kung-fu film når Anthony Pettis går kamp. Pettis får eit stort arsenal av lite brukte spark og slag til å fungere med stor suksess. Noko av nøkkelen er Pettis sine atletiske eigenskapar. Der han med skarpskyttarpresisjon og eksplosivitet rystar sine motstandar.
Desse evnene skjenka Pettis tittelen «master of kicks», fleire millionar visningar på youtube, sterke avslutningar mot Cerrone, Meledendez, Henderson og Lauzon, og naturlegvis mange bonusar.
Nederlaget
Men, for å få utteljing med sparka sine trengte Pettis rom for å operere. Dette var rom som McGregor-aktuelle Rafael dos Anjos ikkje ville gi. Etter fem runders tittelkamp for eit knapt år sidan blei Pettis uventa nedsabla av brasilianeren som med nådelaust press nøytraliserte dei offensive egenskapane til «Showtime». Den store oddsfavoritten Pettis som nettopp hadde signert bemerkelsesverdige sponsoravtalar og sannsynlegvis var sentral i UFCs framtidsplanar mista beltet sitt omtrent like raskt som han fekk det.
Det hjalp heller ikkje at Anthony Pettis blei skada i forkant av returkampen mot Miles Jury i juli.
Frå Bellator til toppen av UFC
Underhaldningsmaskina har vore ut av drift heilt fram til no. Eddie Alvarez, som knapt har fått eit pust i bakken etter at han signerte med UFC er mannen som skal forsøke å hindre Showtime-motoren i å starte opp igjen. Den tidlegare Bellator-ynglingen var lenge ein av dei aller beste lettvektarane utanfor UFC. Då han signerte med UFC, blei han møtt av ein mindre behagelig velkomstseremoni beståande av henholdsvis Donald Cerrone og Gilbert Melendez. Trass sterk motstand kom den eksplosive avsluttaren greitt ut av det med eit tap og ein siger.
Dette har holdt han framleis relevant i toppen av lettvekt og UFCs ‘premiere matchmaker’ Joe Silva har på ny bevilga han ein tøff motstandar, nemleg Anthony Pettis.
Kampen om kremposisjon
Kampen om relevanse i toppen av lettvekt og ein eventuell tittelkamp mot vinnaren av gigakampen mellom Conor McGregor og Rafael Dos Anjos er det som står på spel når Alvarez skal forsøke å stikke kjeppar i hjula til Anthony ‘Showtime’ Pettis sin storretur.
Om ‘Showtime’ etablerar ein imponerande siger kan det bane veg mot fleire interessante motstandarar, anten det er omkamp mot dos Anjos eller «big dollar» kamp mot Conor McGregor. Nate Diaz og Tony Ferguson er også utøvarar som ønskjer å gi Pettis utfordringar.
Kampfakta
Anthony «Showtime» Pettis
- 18-3, rangert som nr #1 bak Rafael Dos Anjos
- Svært kreativ
- Enormt register av effektive spark
- Sterkt bakkegame med raske submissions
- Eksplosiv
- Presis
Eddie Alvarez
- 26-4, rangert som #2 i lettvekt
- Avsluttaregenskapar: 14 knockouts og 7 submissions
- Solide bokseferdigheiter
- Sterk brytebakgrunn
- God på kombinasjonar
- Tendens til å ta imot ein del juling
Kampforløp
Det blir ingen lett retur for Anthony Pettis, men Eddie Alvarez er kanskje ein motstandar som passar «Showtime» godt. Alvarez er nemleg ikkje som dos Anjos, då han ofte opererar i distanse i sin ståande kamp. I sitt førre oppgjer sto Alvarez rett framom Melendez og fyrte av angrepa sine med varierande hell frå utsida av Melendez si rekkevidde. Pettis sin kryptonitt har vore eit stort press som har fått amerikanaren på bakbeina, noko den brasilianske tittelhaldaren hadde stor suksess med. Med mindre Alvarez endrar på måten han går kamp på, er det lite som tydar på at Pettis vil havne på bakbeina sine. Dette vil gi Pettis rom til å bruke sine svært kjappe spark, som i stor grad har vore ei suksessoppskrift.
Sjølv om Pettis har jobba mykje med bryting den siste tida, er Alvarez sterkare på dette området. Likevel er det ikkje sikkert Alvarez tek kampen til bakken automatisk, ettersom Pettis har vist seg å vere lynkjapp med sine submissions. Det som kanskje er meir forventa er at Alvarez vil forsøke å bruke klinsjen opp mot buret som eit våpen mot å nøytralisere Pettis sine sterkaste ferdigheiter. Det blir uansett ikkje ein lett kamp for Alvarez og ein god gameplan vil vere naudsynt.