Vidunderet møter perfeksjonisten
Den eine er fantastisk, den andre er perfekt. Kven vinn grapplingduellen mellom den uortodokse islendingen og den erfarne topputøvaren?
Conor McGregors beste treningsven og UFC-kollega over fleire år Gunnar Nelson er alt anna enn karismatisk, rappkjefta, dresskledd og frittalande. Likevel er han blitt godt lagt merke til. Natt til søndag går islendingen sin tøffaste kamp i karriera på det som blir årets største UFC-galla.
Høyr vekas podcast om UFC-helga her
“A state of zen”
På den store pressekonferansa før UFC 194 uttalte ein overraskande reflektert og beherska Conor McGregor fleire gongar at han var “in a state of zen”. Nettopp “state of zen” er beskrivande for den stoiske islendingen, og ein kan lure på om dette har inspirert McGregor. Som ein Fedor Emelianenko på veg til ringen framstår Nelson på kampdag som om han nettopp har stått opp med ein kvilepuls på linje med Bjørn Dæhli.
Det er nesten som om han er i permanent meditasjon.
Ein Harley til bursdag
Sjølv når Gunnar sigrar er det knapt eit smil å sjå. Han nøyer seg med å reise armane over hovudet. Det er nesten som å sjå ein fotballspelar score mot sin tidlegare fotballklubb, jublande reaksjonar uteblir. Eit godt døme på dette kom tydeleg fram då Conor McGregor like greit gav han ein splitter ny Harley Davidson (mest sannsynleg i regi av Harley Davidson) til bursdagsgåve, ettersom Nelson har ei skikkeleg MC-interesse. Reaksjonen? Eit forsiktig smil.
Dette har paradoksalt gjort Nelson populær i ein sport der eksentriske utøvarar med ein «it» faktor får spalteplassen og dei store løningane. Han er ein ekstrem kontrast til alle atletar med eit ringande konkurranseinstinkt, noko dei elles høglytte og pompøse amerikanarane, og eigentleg alle, legg godt merke til. Dette, samt gode resultat, har plassert «Gunnie» i ein tøff kamp mot ein av dei aller beste i divisjonen, Damien Maia.
2 stk grapplingmaestroar
At Damien Maia og Gunnar Nelson skal gå kamp mot kvarandre har vekka stor interesse, særleg blant grapplingfans. Begge kjem nemleg frå ein svært sterk brasiliansk Jiu-Jitsu bakgrunn: Damien Maia har vunne submission-wrestlingens grand prix, ADCC, medan Gunnar Nelson kan notere ein fjerdeplass. Men der Gunnar Nelson i eit tidlegare stadie av karriera gjekk over til MMA, konkurrerte Maia mykje lenger i dei store BJJ turneringane på verdsbasis. Kanskje Gunnar Nelson hadde vunne ADCC om han fortsette? Teft for submissions har dei begge uansett, med 10 sigrar via submissions kvar. Det som skil desse to i større grad er at Nelson kan vise til eit svartbelte i karate, som det ber tydeleg breg av i kampane hans. Det er faktisk ikkje fjernt å hevde at “Gunnie” sin stil dreg mykje likskap til karatefenomenet Lyoto Machida.
På veg mot toppen
Den 38 år gamle Damien Maia har vore i gamet lenge. Han har faktisk notert seg meir enn 20 kampar i octagonet, i motsetning til ti år yngre Gunnar Nelson som har 6 UFC-kampar. Men sjølv om Maia har konkurrert på toppnivå lenge, har han aldri klart å nå heilt opp. Anten det har vore tittelkamp mot Anderson Silva eller kamp mot Chris Weidman har han alltid tapt når det gjaldt som mest. Gunnar Nelson derimot, er framleis «ung» i gamet, og har stor anledning til å nå toppen og med ein siger mot Damien Maia nærmar Gunnar seg til ein tittelkampbillett. Om Maia vinn kan ei ny, og kanskje den siste, tittelkampreisa realiserast.
Kampfakta
Gunnar Nelson
- 14-1, rangert som #12 i weltervekt
- Avsluttaregenskapar – 11 kampar endt i første runde
- Svartbelte i Karate med god distansedømming
- Submissionartist
- Mentalt svært sterk
Damien Maia
- 21-6, rangert som #6 i weltervekt
- Ein av UFCs mest merriterte jiu-jitsu-utøverar
- Halvparten av kampane har han vunne via submissions
- Har slitt med å nå heilt opp på toppnivå trass lang karriere
- Svært god til å ta motstanderane ned
- Trass stadig betre boksing er Damien Maia framleis ein “one trick pony”
Kampforløp
Fordelen Nelson har er at han er vesentleg sterkare ståande enn Damien Maia. At “Gunnie” kan slå frå seg viste han briljant i sin førre kamp mot strikingekspert Brandon Thatch der han slo Thatch ned på bakken før han fekk inn ein submission. Karatestilen til islendingen vil også gjere det lettare å unngå Maia sine gode nedtakningar, då han lettare kan diktere distansa. Noko spesielt er det likevel at Gunnar har uttalt at han håper kampen går mot bakken, sjølv om det nettopp er heimebana til den brasilianske jiu-jitsu eksperten. Forhåpentlegvis berre mind-games frå Nelson, Maia har nemleg ved fleire anledningar leika seg mot kremen av UFCs grapplarar. Samstundes kan Gunnar vise til ferdigheiter på bakken som kanskje er nok til å halde Maia vekk frå ein submission.
Det er vanskeleg å spå denne kampen, men eg trur Conor McGregors favoritt-islending vil klare å straffe Maia ståande nok til å nøytralisere submissionforsøka hans.
Gunnar Nelson via decision.