Det var fleire som prøvde å stjele overskriftane under helgas UFCs stevne, men Nate Diaz trakk moglegens det lengste strået. På ekte Diaz-vis. Skjermdump: YouTube

Etterdønningar: UFC Fight Night dos Anjos vs Cerrone 2

UFCs siste julegåve blei ein meget god slutt på eit fantastisk år i MMA.

Ein Nate Diaz i verbal og fysisk i toppform, ein tolmodig og kalkulert Alistair Overeem i ny utgåve og ein brasilianer som utvilsamt sementerte seg som nummer ein i lettvekt. UFC leverte nok eit underholdande og interessant kort på randen av 2016.

Les også: Hva blir det neste for utøverne fra UFC on Fox 17?

Vekas podcast: UFC 194, grappling-breakdown av de store kampene og Brasil på steroider.

Diaz-show

Det var ei klassisk Diaz-oppkjøring fram mot kampen mot Michael Johnson som gav ei underhaldande ramme rundt kampen. Med dei vante tumultane og verbale skittkastinga bak scenene og under innveging var Diaz i sitt ess. Og Diaz i sitt ess var også gjeldande inne i octagonet. Sjølv leggspark, som lenge har vore kryptonitten til den framoverlente Diaz, klarte han å rydde vekk. Som følgje av dette gjekk Johnson rett i Diazfella, der Johnson blei lurt inn i ei snart 15-minutters lang boksebatalje. Eg trivast godt som sjåar når gode boksarar får vist fram kva dei er god for. Difor var det særleg hyggeleg å sjå Diaz sitt jab-arbeid, ofte etterfølgt av ein strak venstre, fungere eksemplarisk mot ein rådlaus Johnson. Noko anna som fungerte godt for Diaz var dei klassiske gestikuleringane og yppinga mellom boksekombinasjonane. Og ‘the stockton-slap’ naturlegvis.

At Johnson var rådlaus var ikkje overraskande. Med mindre du er av Conor McGregors kaliber boksar du ikkje mot Nate Diaz. Og nettopp Conor McGregor var Diaz lynrask med å rope ut etter kampen. På ekte Diaz-vis. På direkten. På konservative Fox TV.

Mine damer og herrer: Alistair Overeem

Då eg skreiv analysa i forkant av Alistair Overeem – Junior dos Santos peikte alt mot at Overeem ville kome sigrande ut mot Junior dos Santos då Overeem har eit større ferdigheitsreportoar. Problemet var berre at Overeem tidlegare på grunn av arroganse og låg guard har blitt knocka ut fleire gongar, og mot ein av tungvekts mest hardtslåande bokserar var det vanskeleg å spå at Overeem ville overleve slagkombinasjonane til Junior dos Santos. Men desse uteblei då Overeem møtte den mest tentative og forsiktige utgåva av Junior dos Santos nokon gong. I tillegg var Overeem smart, spelte på sine styrker og hadde ein tydeleg gameplan skikkert av Jackson-Winkeljohn som fungerte. Overeem spelte korta riktig og trakk fram venstrekroken i andre runde som knocka ut dos Santos. Imponerande av Overeem.

Analyse: Tungvekts mest arrogante møter UFCs blidaste i ein kamp som vil endre tittelbildet.

Det er litt synd på Junior dos Santos som tidlegare i år fekk fiksa nasa med plastisk kirurgi. Det er ikkje usannsynleg at brasilianaren må tilbake under kniven etter møtet med hollenderen. Dos Santos må også revurdere kva han skal gjere i karriera, for den kampen ‘Cigano’ gjekk var noko av det dårlegaste eg har sett i toppen av tungvekt.

At Overeem ikkje reint fysisk framstår som Übereem lenger har ikkje tappa han for slagkraft, og det er greit nok for meg. No ventar kanskje ein tittelkamp mot Fabricio Werdum (om han slår Cain Velasquez i omkamp), som Overeem tidlegare har slått.

Conor McGregor – Rafael dos Anjos?

Førre helg var tittelkampen i fjærvekt over på 13 sekund. Denne helga var tittelkampen i lettvekt over på 1 minutt og 6 sekund. Mike Goldbergs klisjemantra “don’t blink” under tungvektskampar bør kanskje inkludere lettvekt og fjærvekt også. To dominante og slagkraftige utøvarar i henholdsvis Conor McGregor og Rafael dos Anjos har endra klimaet i divisjonane bemerkelsesverdig. Det blir også svært interessant å sjå om Conor McGregors tydelege plan om å gå opp til lettvekt og utfordre beltet framleis står etter dos Anjos imponerande oppvisning. Rafael dos Anjos gjor det i alle fall tydeleg etter kampen at han, som veldig mange andre, er gira på ein millionfight mot UFCs største stjerne. Trass tidlegare utalelsar frå McGregors team om ein tittelkamp mot Rafael dos Anjos, spørst det om iren heller lot seg freiste av ein kamp mot Nate Diaz. Uansett så er det er ikkje mangel på utfordringar i lettvekt for den ambisiøse iren.

Den perfekte øl?

For Bud-Lights posterboy Donald Cerrone, som ved ei kvar anledning smått parodisk har drukke ei Bud Light under pressekonferansar og andre medieplikter, må kanskje revurdere om den amerikanske øla faktisk er “the perfect beer for whatever happens” etter tapet mot Rafael dos Anjos. Det hadde eg gjort.

Leave A Comment