Frankie Edgar og Chad Mendes under innveiinga før toppkampen. Skjermdump: YouTube

Etterdønningar: The Ultimate Fighter Finale

Tittelbildet i fjærvekt og lettvekt blei besvart under The Ultimate fighter 22 Finale

Puslespelet forut for tittelkampen mellom Jose Aldo og Conor McGregor blei komplettert under nattas UFC stevne, og resultatet kunne ikkje bli betre.

Vi må snakke litt TUF

Eg må innrømme: Eg slutta å sjå The Ultimate fighter for rundt 10 sesongar og 5 år sidan. Kort avbrutt av sesongen med Uriah Hall og Kelvin Gastelum. Det har no kome 22 sesongar med The Ultimate fighter – og då inkluderar eg ikkje 9 fleirspråklege utgåver i “internasjonalt farvatn”. Konseptet var heftig utdatert for fleire år sidan. Misforstå meg rett, mange gode fights i “huset”, men eg finn ikkje realityseria interessant lenger. Tida med Chris Leben, Diego Sanchez og Josh Koscheck, Tito Ortiz, Rampage Jackson og Ken Shamrock er langt forbi.

UFC har 500 fighterar og i underkant av 50 events i året. Dei største talenta er feia opp, støvsugd og godt innlosjert i UFC. The Ultimate fighter er ikkje lenger den store talentportalen til organisasjonen. Det hjelper heller ikkje stort for “TUF”, at Dana White i tillegg har lansert ein “looking for a fight” – ein velregissert serie der Dana White “leitar” etter talent. Første episoda oppdaga han Sage Northcut. Eit konsept som i stor grad er eit friskt pust enn ei realityserie som ikkje har fornya seg på 30 sesongar. Det er på tide å legge TUF på lengst opp på realityhylla og la andre konsept ta over.

Vekas kamp?

Klassisk Werdum

Fabricio Werdum godt fornøgd med kampen.

Kveldens råaste kamp, og kanskje vekas(?), går utvilsomt til oppgjeret mellom sparkefenomen Edson Barboza og eksentriske Tony Ferguson. Tony Fergusons rullande “knee-bar”-forsøk er ikkje akkurat kvardags, men dei fungerte i å få Barboza, som gav Ferguson problem ståande, ned på bakken. Herifrå var det full bonanza med slag fram og tilbake. Ferguson var så engasjert at han til og med kom med eit ulovleg spark som fekk Barboza til å sjå nokre sommarfuglar på vinterstid. Heldigvis var UFCs beste dommar, Big John McCarthy, rask på labben og trakk eit poeng frå Ferguson. Om Barboza kom seg skikkeleg etter dette er uvisst.

Litt overraskande var det likevel at Barboza, som gav Ferguson fleire store treffarar ståande, valte å ta Ferguson ned i andre runde. Dette skulle han angre på, Ferguson fekk nemleg kjapt inn ein choke og kan no notere seg 7 sigrar på rad… Tittelkamp neste..?

Den eigentlege finala

Puslespelet i fjærvekt i forkant av Jose Aldo og Conor McGregor besto av brikkene Chad Mendes og Frankie Edgar. Chad Mendes har tapt ein gong mot McGregor og grundig to gongar mot Jose Aldo. Frankie Edgar har tapt på decision mot Jose Aldo, men har ikkje møtt McGregor, som mange spår vil gi han trøbbel. Heldigvis blei puslespelet mindre resirkulert då det kjapt blei satt saman av Edgar sin knockout av Chad Mendes i første runde. Frankie Edgar kan no sette seg cageside under UFC 194, og håpe på ein “moneyfight” mot Conor McGregor.

Tid for namneskifte?

Det må leggast til at det er bemerkelsesverdig at UFC har valt å kalle dette The Ultimate Fighter 22 finale, når kampen mellom Artem Lobov og Ryan Hall knapt kan puttast i ein parantes samanlikna med kampane, og viktigheiten av dei, mellom Frankie Edgar – Chad Mendes og Edson Barboza – Tony Ferguson.

Leave A Comment