Foto: Andreas Roaldsnes, MMA-Revyen

– Eg vil alltid møte den beste

Det vanskelegaste i MMA kan vere å finne kamp. For Jack Hermansson tok det fire månadar.

Heilt sidan august har tittelhaldar i (midlertidig?) nedlagte Cage Warriors Jack Hermansson leita etter ein motstandar som vil gå kamp mot han. Det var så vanskeleg at han lurte på om nokon i det heile tatt ville møte han. Tidleg i november fekk likevel “The Joker” napp. Han blei satt opp til å gå tittelkamp 28. november. Motstandaren, Kevin Del hadde to sigrar og tre tap. Det fekk mange til å heve augebryna. Men, kampen blei ikkje noko av då motstandaren trakk seg på grunn av ei skade. Akkurat dette var ikkje sjokkerande på Hermansson.

– Eg fekk berre ei melding som sa at kampen ikkje blei noko av. Motstandaren hadde trekt seg på grunn av ei skade. Eg venta nesten på at kampen ikkje kom til å skje uansett. Og det gjor den ikkje!

Hermansson spekulerar i om den store nivåforskjellen var faktoren som satt ein stopper for kampen.

– Det er ikkje for å vere sjølvgod, men eg trur [Kevin Del] tvilte litt på seg sjølv under treningscampen sin. Han fekk sikkert ei liten skade og brukte dette som ei unnskyldning for å sleppe å gå kampen, meiner Hermansson.

For Hermansson var ikkje dette draumematchen, men i eit klima der det har vore vanskeleg å finne ein mostandar tek Hermansson det han kan få.

– For min del tek eg alle kampar eg kan få. Likevel var det ikkje akkurat den beste matchen, men organisasjonen hadde allereie booka han til tittelkampen eg skulle gå. Så han, stakkars, har sikkert takka ja til å gå tittelkamp utan å vite at han skulle ende opp med å møte meg. Hadde det vore mitt arrangement hadde eg aldri arrangert den kampen, ler Hermansson.

Ny og betre motstandar

Heldigvis, fekk utruleg nok Hermansson raskt booka om til ein ny kamp som går av stabelen 12. desember i Italia. Motstandaren, Maciej Rozanski, kan på papiret lett stemplast som vesentleg betre enn Kevin Del. Rozanski er nemleg 8-0, der 5 av sigrane har komt via submissions. At motstandaren er mykje betre gjer at Hermansson er enda meir motivert.

– Det er ein mykje tøffare motstandar. Dess tøffare mostandaren er dess betre er det. Om motstandaren har ein record på 40-0 så er det også greit. Eg vil alltid møte den beste!

– Eg såg et klipp der Rozanski grappla for 3 år sidan. Då var han svartbelte. Han har også vore proff sidan 2006, to år lenger enn meg. Han er ein tøff fighter som ikkje er redd for å ta eit slag for å gi eit. Men det er på bakken han er best. Eg trur det blir ei skikkeleg utfordring for meg.

For Hermansson blir det å vere uforutsigbar, samt å bruke bryte- og bokseegenskapane sine som verktøy for å vinne.

– Eg kjem til å bevege meg mykje og vere uforutsigbar. Eg vil også prøve å slenge inn harde slag, og mikse inn kne og spark. Om eg treffer han ståande og han ikkje kan få meg ned på bakken, så vil han raskt få panikk. Samstundes tenker eg at om eg tek han ned på bakken og gir han mykje problem der, så kan han bli enda meir ukomfortabel. Om eg tek han på hans eige game kan eg knekke han fort, seier Hermansson.

Med engelsk hjelp… I Spania

Er det noko Jack har jobba mykje med i oppkjøringa i er det nettopp boksing, og det med tidlegare UFC fighter Luke Barnatt og hans nyoppretta MMA-team i Spania.

– Barnatt og ein spansk boksetrenar i teamet såg fleire svakheiter i min boksing som eg var enig i. Dette har eg jobba mykje med. Eg har tetta igjen nokre hull og jobba med nokre smådetaljar i boksinga, seier Hermansson.

At Hermansson blei invitert ned til eit treningsopphald i Spania er ikkje tilfeldig. Barnatt og Hermansson har kjent kvarandre lenge, og sannsynlegheita for eit spansk gjensyn med Barnatt og teamet er på trappene.

– Ja, det blir det sikkert. Vi har snakka om å ha ein camp til sommaren. Å få Barnatt opp til Noreg blir dessverre for dyrt, så det er lettast om eg kjem ned til Malaga.

UFC-galla etter kampen

MMA tilfeldigheiter skal ha det til at Hermanssons kamp mot Rozanski er under samme helg som Conor McGregor og Jose Aldos kamp i Las Vegas under UFC 194. Trass kampen mot Rozanski har Hermansson ingen planar om å gå glipp av dei svært profilerte kampane i UFC 194.

– Vi har allereie avtalt at når kampen min og eventen er over så skal alle samlast på hotellet for å sjå UFC 194, avsluttar Hermansson med eit smil.

 

Leave A Comment