Det er ein ny utgåve av Alistair Overeem som møter Junior dos Santos. Skjermdump: YouTube

Den fornya hollender

Tungvekts mest arrogante møter UFCs blidaste i ein kamp som vil endre tittelbildet.

Det tyske filosofiske begrepet Übermensch har stort sett hatt eit historisk frynsete rykte. Men i moderne lingua har über blitt brukt meir lett og ledig i passande ordspel. For Alistair Overeem er ‘the Demolition man’ eit kallenamn som nesten berre Bruce Buffer brukar. For MMA-fans har Übereem vore det kallenamnet som har passa hollenderen best. Grunnen har vore enkel: Frå å være ein naturleg mellomvektar for 10 år sidan utvikla han seg til eir fysisk beist på kort tid. Dette toppa seg mot Brock Lesnar i 2011, infamøst lagt godt merke til av ringdame Arianny Celeste. Men noko har endra seg og det inngrodde kallenamnet Übereem er under angrep.

Hestekjøt

Overeems mildt sagt svært imponerande utvikling fekk mange til å sperre opp augene, og spekulasjonane om steroidebruk florerte dei ulike internettfora for kampsportinteresserte. I eit intervju derimot, meinte “Übereem” at endringa skuldast at han åt hestekjøt. Uttalelsen gjekk ikkje akkurat hus forbi internett som reagerte med å etablere ‘horse meat’ som eit slangutrykk for steroidebruk. Hestekjøt eller ei, det høyrer historia til at i oppkjøringa fram mot kampen mot Brock Lesnar i 2011 så blei ikkje den innsendte urinprøva til hollenderen godkjent for testing. Alistair måtte levere ei ny prøve, då gjennom sin personlege lege, men heller ikkje denne var gyldig for testing, samtidig som han forsvann ut av landet. Likevel blei han til slutt, noko kontroversielt, klarert for å gå kamp. Men då han skulle gå kamp mot Junior dos Santos i 2012 besto han ikkje dopingtesten og blei suspendert i underkant av eit år, trass forsøk på å anke dommen.

 

Ein ny ‘Reem

Ein naturleg del av Alistairs Übereem-image har vore hans arrogante personlegheit. I forkant av kampen mot Anotonio Silva omtalte Overeem sin motstandar som “statistikk” i det han såg som ein enkel kamp. Men brasilianeren ville det annleis, der han på sjokkerande vis knocka ut den komisk nonchalante K1-meisteren i første runde. Den struttande sjølvtillita fekk også ein sprekk då han blei utklassa mot Travis Browne, også her på knockout. Etter desse to tapa har Alistair tatt grep, mest tydeleg gjennom å bli med i stjerneteamet Jackson-Winkeljohn. Men i denne prosessen har det infamøse kallenamnet, Übereem, starta å miste meining. Alistair Overeem framstår ikkje like “über” lenger, i rein fysisk framtoning, då det er lett å sjå at han har mista ein del muskelmasse. Om den nye utgåva er eit resultat av ein meisterplan skissert av Jackson-Winkeljohn eller eit meir rigid antidopingregime er uvisst. Men frå å være UFCs største muskelberg kun slått av Lesnar framstår Alistair slankare, meir mobil og med ein betre kondis på kjøpet. Den nye versjonen Overeem blei godt illustrert mot knockoutmaskin Roy Nelson, der Overeem svært skarpt og kalkulert dominerte heile kampen. Om den fornya utgåva fortsetter denne positive trenden blir det ekstra spennande når han møter si største utfordring i UFC, Junior dos Santos.

Den blide brasilianer

Der Alistair Overeem lenge har hatt ein arrogant aura, har Junior dos Santos figurert som UFCs blidaste og mest sympatiske utanfor ringen. Inne i ringen er gameface på og knockouts har vorte levert som perle på ei snor, der han opparbeidde seg historiske 9 sigrar på rad mot kremen av tungvektarar i UFC. Men dei siste kampane har dos Santos møtt motbør, deriblant to 2 fem-runders bataljar mot ein målretta Cain Velasquez som han tapte, og ein hard fem-runders slitesiger mot Stipe Miocic. Dette har resultert i at dos Santos i lang tid blitt karakterisert som den evige nummer 2 i tungvektsdivisjonen. I eit forsøk på å endre dette stempelet har dos Santos i likheit med Overeem endra treningsteam, der brasilianeren i kampoppkøyringa har entra lokala til American Top Team i håp om nye impulsar.

Ein fjerde tittelkamp for Junior?

For Junior dos Santos er denne kampen ein billett på businessklasse til enda ein tittelkamp. På grunn av ein ny kamp om tittelen som Cain Velasquez blei skjenka av kamporganisatør Joe Silva, etter tapet mot Fabricio Werdum, kan dos Santos risikere å måtte gå ein fjerde kamp mot Velasquez i framtida. For Overeem handlar dette også om ei potensiell moglegheit for tittelkamp. Divisjonen er framleis syltynn og beltet har hatt vane med å skifte hender ofte. Det vil også vere ei anledning for han å auke marknadsverdien sin: Det ryktast nemleg sterkt at hollenderen vil teste den frie marknaden når kontrakta går ut i håp om større utbetalingar. Om dette skuldast den omstridte Reebokavtalen er uvisst, men kanskje han ser mot kjappe pengar i Japan i likheit med Fedor?

Kampfakta

Alistair Overeem

  • 39-14, rangert som #9 i tungvekt
  • Kickboksing på verdsnivå: Vunne K1 grand prix
  • Farleg på bakken: Har vunne 19 gongar via submission
  • Tre siste tapa endt i knockout
  • Lang rekkevidde
  • Har MMAs beste trenarapperat i Jackson-Winkeljohn
  • Mindre styrke men meir mobilitet, taktikk og tolmodigheit i sine siste kampar

Junior dos Santos

  • 17-3, rangert som nr #2 i tungvekt
  • Svært god offensiv boksing
  • Knockoutkraft i kvart slag
  • Tar svært mykje juling
  • Godt nedtakningsforsvar

Kampforløp

Reint overfladisk blir det enkelt å tippe utfallet når tungvekts knockoutgarantist Junior dos Santos møter “glasskjeven” Alistair Overeem. Likevel verkar det som at Overeem i samarbeid med Jackson-Winkeljohn, som rettleia Holly Holms knusande siger mot Ronda Rousey, har tatt store grep for å tette hol. Mot Roy Nelson kom dette tydeleg fram der stod fram som usedvanleg skarp, mobil, tolmodig og effektiv. At Roy Nelson overlevde tre runder seier meir om Nelson enn Overeem. Særleg fekk han bruk for sitt eksplosive signaturkne. For Overeem blir det å fortsette den gode trenden. Mot ‘Cigano’ er han nødt til å bruke rekkevidda og det breide arsenalet han har av kne, spark og slag for å temme brasilianeren. Hollenderens svært gode klinsjarbeid og hans gode submissiongame kan også vere ein suksessfaktor her. Men, sjølv om dos Santos har tatt mykje juling dei siste kampane og har sett sine betre dagar treng han berre ein fulltreffar og eit slikt slag er vanskeleg å fråskrive heilt frå den bokseivrige brasilianeren. Likevel: Denne kampen tek Overeem.

Leave A Comment