UFCs superstjerne Ronda Rousey med Joanna Jedrzejczyk på slep i mediekjøret fram mot UFC 193. Skjermdump: YouTube

I skuggen av Ronda Rousey

Under helgas UFC 193 skal Joanna Jedrzejczyk forsvare beltet sitt mot Valerie Letourneau.

På laurdag er det to kvinnelege tittelkampar på tapeten, men det er stort sett ei som får det meste av spalteplassen. I skuggen av UFCs største stjerne Ronda Rousey står ei dame med eit namn få klarer å korkje uttale eller stave. Ho snakkar halvbrokkent engelsk med skikkeleg polsk aksent og ho er meister i ein ung 115-divisjon som blei oppretta for berre eit år sidan. Mykje talar imot hennar popularitet, likevel har stråvektmeisteren Joanna Jedrzejczyk allereie markert seg som ein aukande fan-favoritt.

I sin første kamp om beltet gav Joanna ein kjeks som hadde gått ut på dato til Carla ‘The Cookie Monster’ Esparza under innveginga

Det er fleire element som peikar på at Joanna Jedrzejczyk markerar seg i MMA-verda. I vår siste podcast framstilte Kristopher Schau Joanna som usympatisk med ein slags polsk råskap, særleg i oppkjøring mot kampane. Det er ikkje heilt tilfeldig. Med sin mindre gramatisk korrekte engelsk og steinanlet snakkar ho målretta om at ho er best, samstundes som at ho skal gjere kort prosess på mostandaren. Dette er ført vidare til hennar berykta «staredowns», på pressekonferansar, innvegingar og i oktagonet rett før kamp. Ho går strittande med sjølvtillitt rett opp i anletet på motstandarane sine, og stirrar motstandarar i senk med augene centimeter ifrå motstandaren.

Sjekk ut videopakken for UFC 193 her

Men samstundes har Joanna alltid eit lurt smil på lager, sjarm og ein god dose humor. I sin første kamp om beltet presenterte den uhøgtidelege Joanna ein cookie som hadde gått ut på dato til Carla ‘The Cookie Monster’ Esparza under innveginga, og før sin andre tittelkamp mot Rachel Penne overrekte Joanna eit penne pasta-smykke. Ho blir av stadig fleire rett og slett omtalt som ei spøkefull og kul dame. Alt er ikkje blodig alvor, allikavel.

Dominanse

Sjølv om Joanna berre har hatt to tittelkampar er ho nådelaus dominant. Med ein enorm bakgrunn som profesjonell Muay Thai mester, går ho hardt til verks når ho konkurrerar. Med eit arsenal av våpen blandar ho aggressivitet og effektivitet i brutal harmoni, der motstandaren aldri får eit pusterom. Dette har gjort ho svært berykta, og naturlegvis dominant i divisjonen. Dette har verkeleg fenga MMA-fansen og stadig fleire har blitt store tilhengarar av det polske fenomenet. Nokon vil hevde det er eit herleg avbrekk frå alt oppstyret rundt Ronda Rousey, som stadig er å sjå på framsidene av magasin, i Hollyowood filmar og på populære talkshows. Med Joanna handlar det om ein ting, nemleg MMA.

Storfavoritt mot outsideren

Til helga skal ho forsvare tittelen mot Valerie Letourneau. Denne dominansa kjem tydeleg fram om ein skal tolke oddsmakarane i forkant av UFC 193: Joanna er like stor favoritt som Ronda Rousey. For Letourneau blir dette ei tøff oppgåve.

At den tidlegare kickboksaren Valerie Letourneau er kvinna som no kjempar om tittelen kjem kanskje overraskande på mange. Ho var med på den no svært utvaska realityserien The Ultimate Fighter, men kom ikkje lenger enn til uttaksrunda. Ho vart nemleg slått ut i første episode og kom difor ikkje med vidare på TV-konkurransa. Trass dette har ho fått UFC kontrakt og har takka med å vinne tre kampar på rad, og det i ein divisjon under hennar ideelle vekt, då UFC ikkje har ein kvinnedivisjon i 125 pund.

Popularitetskonkurranse

Det er mykje som talar imot at Joanna kan nå stjernestratosfæra som Ronda Rousey flyg i. Der Ronda Rousey er nord-amerikansk, har OL-bakgrunnen, filmavtalar og ein utsjånad, som for mange er element for å nå ut til eit breiare publikum, når Joanna stort sett ut til MMA-fansen. Men UFC 193 er på eit stadion, med 70 000 og sannsynlegvis fleire millionar sjåarar verda over, og særleg i Europa. I mediesirkuset fram mot UFC-gallaen i helga har UFC strategisk plassert Joanna mykje saman med Ronda Rousey. Om Joanna fortset å lage liv rundt eventet og gjer ei god oppvisning mot Letourneau ligg alt til rette for at ein del av Ronda-fansen legg merke til Joanna, slik Joanna ikkje berre er i skuggen, men står på eigne bein blant casualfansen. Kanskje Joanna og Ronda blir det kvinnelege svaret på det Georges St-Pierre og Anderson Silva var for herredivisjonane?

Kampfakta

Joanna Jedrzejczyk

  • Tittelhaldar i UFCs stråvektdivisjon
  • 10-0 (4-0, UFC)
  • Seks gongar verdsmeister i Muay Thai
  • Sterkt nedtakningsforsvar
  • Har vunne to av dei siste kampane via teknisk knockout

Valerie Letourneau

  • Rangert som nummer #8 i UFCs stråvektdivisjon
  • 8-3 (3-0 i UFC)
  • 4 sigrar via knockout, ein via submission
  • Tre sigrar på rad
  • Kickbokser
  • Lillabelte i brasiliansk jiujitsu

Kampforløp

Mot den tidlegare tittelhaldaren og den brytesterke Carla Esparza klarte Jedrzejczyk utan problem å stoppe nedtakningsforsøka frå Esparza, slik at kampen gjekk ståande. Heller ikkje Jessica Penne klarte å ta Joanna ned, stikk i strid med kampplanen, då det er nettopp ståande kamp som er Joannas store styrke. Som fleire gongar verdsmeister i Muay Thai, storfan og læresvein av K-1 legenda Ernesto “Mr Perfect” Hoost er ho ikkje ein du vil gå kamp mot ståande. At ho har trent med Hoost ser ein tydeleg der Joanna ofte produserar kjappe kombinasjonar av velplasserte slag etterfølgt av spark.

Letourneau vil nok ikkje prøve å ta kampen ned, då ho ikkje har dei store bryteegenskapane, men heller satse på at rekkeviddefordelen på 8 centimeter kan gjere forskjellen. Mot ei noko tentativ Jessica Rakoczy viste den sindige og tøffe Letourneau sin sylskarpe jab og venstrekrok, samt kjappe spark frå den ledande venstrefoten. Trass dette er Jedrzejczyk på eit heilt anna nivå enn Rakoczy, kva gjeld aggresivitet, mobilitet og ferdigheiter, og Letourneau vil få det svært travelt med å oppretthalde distansa.

Joanna Jedrzejczyk sigrar via teknisk knockout i fjerde runde.

Leave A Comment