Det blei utan Mirko "Cro Cop" Filipovic denne gong, men resten av kortet innfridde likvel. Skjermdump: YouTube

Etterdønningar: UFC Fight Night Seoul

To Sør-Koreanske profilar stjal showet under helgas UFC Fight Night Seoul via henholdsvis boksing og korsfesting.

Det første eg forbinder med Sør-Korea er Starcraft og dedikerte progamers, men jammen har dei gode fighterar også.

I utgangspunktet skulle eventen i Sør-Korea bli ekstra spekkfull med profilar, då med Mirko “Cro Cop” Filipovic som den største. Men grunna av ei skulderskade måtte kroaten trekke seg frå kampen. Han la like greit hanskane på hylla etter nyttelause forsøk ved bruk av “drugs” og medisinar. Konspirasjonsteoretikarar vil ha det til og håpar naturlegvis, at han skal gå kamp  mot Fedor Emelianenko på nyttårsafta og tjene svært mykje meir enn kva UFC tilbyr. Det hadde vore greit for meg, altså.

Den svært så populære “The Korean Zombie” Chan Sung Jung hadde nok også pryda kortet, men på grunn av ei nådelaus obligatorisk førstegongsteneste på heile 2 år er han nok ikkje tilbake med det første. Til den store ledar litt lenger nord, Kim Jong-Uns, fortvilelse.

Superguten frå Korea

Tilbake til eventen. Hovedkortet starta med “The Korean Superboy” Doo Ho Choi (13-1) sin kamp mot UFC veteran Sam Sicilia. Choi ser ikkje akkurat ut som ein Travis Browne eller ein Jose Aldo, men jammen kan Choi slåss. Boksinga til Choi var så overlegen Sicilia at nivåforskjellane bokstaveleg talt var slåande lik Holly Holm mot Ronda Rousey. Chois timing, ekstreme presisjon, kombinasjonar og teft for kontringar var vakkert å sjå på, og det tok han i underkant av ei runde å knocke ut Sicilia. Det skal heller ikkje skrante på Chois sjølvtillit, der han sjølv meinar er verdas beste. Om Choi er Asias svar på Conor McGregor er for altfor tidleg å sei, men gjett om dette blir eit fint tillegg i den elles tette 145-divisjonen.

Sexyama framleis sexy

Eg såg for meg nok ein pompøs “walkout” til octagonet frå Yoshihiro “Sexyama” Akiyama i ført sin tradisjonelle judogi med Andrea Bocelli syngande på anlegget, men Reebok ville det annleis. Den moteriktige og stilbevisste Akiyama måtte sjå seg nødt til å gå med den mindre lekre Reebok grilldressen. At Reebok ikkje kan imøtekome litt av det som gjer kvar enkelt utøvar særegent er underleg, og det tydar på at Reebok ikkje følger heilt med i timen.

Uansett var det ein Akiyama i særdeles god fysisk form, som møtte Alberto Mina. Første runde var særdeles jamn, moglegens litt i favør Akiyama, der begge utøvarar i tur og orden veksla identiske slag og leggspark. Likevel var det Sexyamas bein som sparka hardast, for Mina sitt venstrelår var slåande lik Uriah Faber sitt då han møtte balltreesparka frå Jose Aldo i 2010.

Andre runde blei Sexyama redda av klokka før han snudde kampen totalt i tredje runde og dominerte til kampslutt. Likevel, eit splitta dommarpanel meinte noko kontroversielt at det gjekk i favør Mina.

Trass tapet viste forøvrig Akyiama at han enkelt står på fleire kommersielle bein. Kveldens eksotiske hovedsponsor, ein massasjestolprodusent, hadde sjølvsagt Sexyama som modell i reklamesnuttane. As you do.

Korsfesting

CAKZkG-UMAAEiTADon Hyun Kim. For ein helt. Kim klinsja Dominic Waters, kasta Waters ned med judo før han sklei pent over i ein såkalla “Cruicifix position”. Ein posisjon ingen utøvarar vil vere i, og ein posisjon som er svært vanskeleg å kome seg ut av. Deretter var det berre for Kim å slå på den sjanselause Waters fram til dommaren stoppa kampen. Og det gjor han 3 minutt ut i første runde.

Ein må også gi honnør til Kim som fleire gongar etter kampen forsøkte seg på Werdums klassiske trollgrimasje.

“Bendo”

Benson Henderson, eller populært kalla “Bendo”, har lenge blitt stempla som ein kjedeleg utøvar i lettvekt, men etter steget mot weltervekt har Henderson vorte meir underhaldande, som kollega Andreas Roaldsnes har påpeikt.

Runde 1-3 var med på å støtte Roaldsnes, der Henderson heile tida var aktiv med all-verdens av våpen. Anten om det var bruk av hel mot Masvidals lår i klinsj(!) eller spark etter alle kunstens reglar. Men, runde 4 og 5 var Henderson tilbake til litt av det som er mindre spennande: Gjentatte gongar pressa Henderson ein stadig meir sliten Masvidal opp mot buret, som etterkvart telte fleire minutt av sluttrundene. Hensikta var å “kontrollere” etter dommarens regelbok, og i MMA er nettopp det å “kontrollere” det minst appelerande aspektet i sporten frå eit publikumsperspektiv, og eit tegn på at ein utøvar prøvar å vinne med minimal risiko.

UFC Fight Night Seoul viser med rette at MMA i Sør-Korea er i ferd med å skyte ekstra god fart i takt med nye profilar som dukkar opp. Dette var definitivt Doo Ho Choi og Don Hyun Kims aften.

Leave A Comment