Patrick Cummins fann seg raskt til rette i medielyset. Foto: Youtube

Eks-baristaens toppkamp mot Glover Teixeira

Analyse: Under Fight Night Sao Paulo kjempar Glover Teixeira og Patrick Cummins om å delta i tittelbiletet i lett-tungvekt.

Fjorårets ‘Go big’-pressekonferanse på nyåret var UFCs fyrverkerioppskyting som skulle presentere eit forrykande program utan sidestykke utover kalenderåret. Dei store rakettene var kremen av UFCs utøvarar. Men det blei alt anna enn eksplosjonar. På grunn av ei mengd skadar blei året sterkt prega av kanselleringar. Dette gav likevel rom for at erstattarar fekk sjansen på den store scena. Ein av desse var den ukjente og uerfarne Patrick Cummins.

Twitter og den amerikanske draum

Det var noko erkeamerikansk med Patrick Cummins  plutselege inntreden i UFC. Cummins hadde jobb på ein kafè og med berre nokre få MMA-kampar sleit han med å finne nye motstandarar i dei regionale organisasjonane. Økonomisk og karrieremessig gjekk det trått. Men då hans tidlegare treningspartnar Daniel Cormier mangla motstandar berre dagar i forvegen av UFC 170, sendte Cummins enkelt fleire twittermeldingar til UFC president Dana White om å få ta kampen mot Cormier. Cummins sa nemleg at han fekk OL-medaljøren Cormier til å grine når dei hadde brytetrening i lag, og at han skulle gjenta dette om han fekk gå kamp mot den noverande UFC meisteren i lett-tungvekt. Dana White blei naturlegvis interessert i dette og Cummins fekk kampen.

Eit nummer for stort

Då Patrick Cummins fekk UFC kontrakt følgte han kjapt opp med å promotere seg sjølv og kampen, til glede for fight-promotør Dana White. Det at Cummins så kjapt beherska promosjonsaspektet tok fleire på senga, då han på kort tid klarte å lage eit namn for seg sjølv. Poenget om at Cummins herja mot Cormier på treningsmatta blei i oppkjøringa mot kampen tydeleg understreka. At Cummins latterleggjorde interne treningshendelsar med sin tidlegare treningspartnar meinte ein provosert Cormier braut med uskrevne regel om at det som skjer i trening forblir på trening. 

https://www.youtube.com/watch?v=dgBCEej1tnw

 

Men, trass det verbale skytset gjekk det som forventa. Cummins hadde ikkje sjanse mot Cormier og tapte via teknisk knockout i første runde. Scena og motstandaren blei eit nummer for stor på så kort tid. Likevel, den amerikanske draumen til Cummins brast ikkje av den grunn. Cummins fekk sjansen igjen og stabla 3 sigrar på rad, imponerande nok på det same året. Vidare følgte eit tapt mot Ovince St. Preux og ein siger mot den tidlegare Strikeforce-meisteren Rafael Cavalcante. Denne sigeren har satt han opp mot ein sterkare brasilianer, nemleg den hardtslåande Glover Teixeira. Møte finn stad under helgas Fight Night Sao Paulo.

Den brasilianske veteranen

Den hardtslåande Glover Teixeira, som forøvrig er gift med ei norsk kvinne, er mannen som gjekk 20 kampar ubeseira i ulike organisasjonar, 5 av desse i UFC, mellom 2006 og 2013. Denne vanvittige sigersrekka møtte likevel brått veggen mot den no returklare urokråka Jon Jones. Etter Jones tapte han igjen mot brytesterke Phil Davies før han tok knekken på Ovince St. Preux med ein submission i første runde. Teixeira er naturlegvis interessert i å komme seg tilbake i tittelbiletet og på ny la beltet i lett-tungvekt havne i henda på ein Brasilianer; eit belte som tidlegare har tilhøyrt landsmennene Lyoto Machida og Mauricio Rua.

Historia til Teixeira har nokre likheitstrekk til Cummins’. Teixeira flytta til Amerika i 1999 i søk etter ei betre framtid som illegal innvandrar, då den straumlause brasilianske landsbyen med berre ein bensinstasjon ikkje hadde det beste rammeverket for å lukkast. Trass vanskelegheiter knytt hans status som utlending, der han i 3 år måtte flytte tilbake til Brasil, har han no papira i orden. Som fan av Mike Tyson plukka han opp boksehanskane samstundes som han starta med brasiliansk jiu-jitsu. Med svartbelte og hardtslåande bokseegenskapar har han skapt eit lukrativt livsgrunnlag i USA innan MMA som utøvar på høgste nivå.

4 auge på tittelbeltet

Trass litt ustødig start, har Cummins naturlegvis hatt ei bratt lærekurve. Kampen mot Glover Teixeira er den store testen om Patrick Cummins kan sikte seg mot sitt endelege mål, sin amerikanske draum, nemleg ein kamp om tittelen. For Teixeira er dette ein kamp om å få ein ny sjanse mot tittelhaldaren, men då må han vise at han kan lukkast mot dei amerikanske brytarane.

Kampfakta

Glover Teixeira

  • rangert som nr 4 i lett-tungvekt
  • 23-4, (8-2 UFC)
  • Av 23 sigrar har han vunne 13 via knockout og 7 via submissions
  • Har avslutta 10 av dei siste 11 kampane
  • Tapte tittelkamp mot Jon Jones via dommeravgjersle
  • Lang erfaring, profesjonell sidan 2002
  • Svartbelte i brasiliansk jiu-jitsu

Patrick Cummins

  • rangert som nr 9 i lett-tungvekt
  • 8-2, (6-2 UFC)
  • Sterk brytebakgrunn: NCAA Division I meister
  • Profesjonell sidan 2010
  • Tidlegare treningspartner med Daniel Cormier
  • Atletisk og god uthaldenheit
  • Oppurtunistisk og uredd

Kampforløp

Sjølv om Glover har svart belte i brasiliansk jiu-jitsu og står oppført med fleire submissionsigrar, er det slagkrafta og boksinga som er Glovers spesialfelt, eit felt han er vesentleg betre på enn Cummins. Majoriteten av Glover sine kampar har endt med knockout. Ståande har allereie Cummins blitt knocka ut to gongar. Sjølv om Teixeira har eit undervurdert brytegame sleit han mot Phil Davies, ein person med lik brytebakgrunn som Patrick Cummins. Dette vil nok Cummins prøve å utnytte og slagplanen vil nok vere å ta kampen ned på bakken og dominere med bakkeslag vel vitanede om risikoane for å bli submitta av svartbeltet Teixeira er tilstades.

Likevel, Cummins svakheiter ståande vil bokstaveleg talt vere utslagsgivande, der Teixeira benyttar boksinga og knockoutkrafta på ny for å sementere sigeren.

Kampen og Fight Night Sao Paulo kan du sjå direkte natt til søndag og i opptak på TV 2 sumo.

Leave A Comment