Yoshihiro Akiyama. Skjermdump: YouTube

Ein Judoka med stil

Det blir pompøst når MMA legende og superkjendis frå Asia, Yoshihiro Akiyama, går kamp under Fight Night Henderson vs Masvidal i helga.

Opp gjennom MMA-historia har berre eit knippe utøvarar blitt sponsa av Nike. Vilkåra er at ein må vere ei superstjerne som med sine evner og framtoning overgår alle samt nå ut til eit publikum langt utanfor kamparenaen. Ein er trass alt i selskap med Tiger Woods, David Beckham og Messi. Anderson Silva, Junior Dos Santos og Jon Jones har oppnådd dette.

Og Yoshihiro Akiyama.

Det er ikkje tilfeldig: Yoshihiro Akyiama er ikkje berre “big in Japan”, han er ein ekte asiatisk A-kjendis. Då spelar det inga rolle om Akiyama er 40 år og har tapt 4 av dei siste 5 kampane, for når UFC kjem til Seoul i Sør-Korea er han sjølvskriven på hovedkortet.

Ekstravaganse og høgtid er stikkorda, og Yoshihiro Akiyama leikar ikkje.

“Sexyama”

Blant vestlege MMA-fans overgår Yoshihiro Akiyama sjølv Mark Hunt kva gjeld kultstatus. I motsetning til Hunt der kultstatusen skuldast knockoutkraft og evne til å ta i mot sjølv dei hardaste slag er Akiyamas popularitet i vesten tufta på hans utsjånad og utanomsportsleg opptredenar. Og judo då. Han har i den forbindelse blitt døpt “Sexyama”.

Foto: Twitter

Foto: Twitter

Det har gått så langt at ved kvar avstemming på internett om kven som er mest sexy i MMA, som faktisk  dukkar opp med jamne mellomrom, så blir diskusjonstrådane på forum, Reddit og kommentarfelt bombadert av bilete av “Sexyama”. Og blant Yoshihiro Akyiamas disiplar herskar det ingen tvil: Akiyama er MMAs mest sexy, den best kledde og den mest elegante.  På MMAs største nettportal, Sherdog.com, er det ein tråd dedikert til Yoshihiro Akiyama. Den heiter Yoshihiro Sexyama battlestation SEXWAGON!  har i skrivande stund heile 2038 sider, millionar av klikk og over 20.000 kommentarar som hyllar utøvarens stil og sexappell. Nokre sei han er mannen alle kvinner vil ha, og mannen alle menn vil vere.

 

Elegansa smittar naturlegvis over til hans famøse “walkouts” til ringen ikledd judogien og episke Con Te Partiro, udødleggjort av Andrea Boccelli, rugande på anlegget. Ekstravaganse og høgtid er stikkorda, og Yoshihiro Akiyama leikar ikkje. Dette har smitta over til fleire felt. Akiyama har ved fleire høve opptredd som vokalist på store tv-shows i Japan og Sør-korea, og i tillegg på eit stadion i Japan. Om det er nettopp Boccelli som har inspirert Akiyama til å synge er uvisst, men Akiyama har gjort det òg. Han er naturlegvis også gift med ein supermodel frå Japan og han har sjølv pryda framsida på dei aller fleste magasin, fleire gongar. I bar overkropp sjølvsagt.

Judoka med stil

Ein kan snakke lenge om Akiyama utan å nemne MMA. Men det er ikkje på grunn av utsjånad eller den litt haltande sangstemma som gjer at Akiyama er under kontrakt med UFC – Forutan at han sel mange billettar, sjølvsagt – Yoshiro Akiyama har nemleg kjempa på profesjonelt MMA-nivå i over ti år, og før dette var han på toppnivå i judo, som han starta med som 3-åring. Det har gitt resultat. Det er herleg å sjå Akiyama briljere med sine perfekte judokast mot MMAs verdselite. Ein ting er kva Ronda Rousey har fått til av judo mot mindre god mostand, men Akiyama har gjort dette mot eliteutøvarar som Michael Bisping og Jake Shields.

UFC-Novice

Akiyamas ferdigheiter blir på ny satt på prøve i Seoul mot ubeseira Alberto Mina. Alberto Mina og Akiyama har fleire likheitstrekk. Begge har svartbelte i judo og brasiliansk jiu-jitsu. Både brasilianske Mina og Akiyama har base i Asia, og det er difor ikkje overraskande at nettopp Minas første UFC-kamp var i Kina og hans andre blir i Sør-Korea. I likheit med Akiyama, og for så vidt Georges St-Pierre, er Mina også ikledd ein gi når han går til octagonet, i god kampsportsstil. Spørsmålet er om UFCs omstridte sponsoravtale med Reebok kvelar forsøka på å kle seg i gi, då det er krav om kun gå med klede frå klesmerke.

Mina, som er utdanna fysioterapeut, står berre oppført med ein kamp i UFC, og kan trygt kallast ein UFC-novice. Men Minas veg mot UFC-kontrakta har vore rettmessig. Samtlege av Minas kampar har anten enda i submission eller i teknisk knockout og 9 av hans 11 kampar har endt innan første runde.

Alberto Mina kan trygt plasserast i «all-in» kategorien av utøvarar. I sin UFC-debut mot Shinsho Ansai forsøkte Mina flygande kne tre gongar på dei første 30 sekunda. Guarden var låg og han slo med all kraft i kvart slag, gjerne flaksande og opportunistiske venstrekrokar, som ved fleire anledningar heldt på å koste han eit tap mot Ansai. Likevel, Mina fekk inn ein uppercut mot slutten av første runde og sikra dermed ein knockout. Kampen blei naturlegvis premiert med ein «performance of the night» bonus.

Vinn-vinn for Mina

Minas kamp mot Akiyama på hovedkortet er eit enormt bygs i kvaliteten på motstandar, og knapt større profil vil ikkje Mina møte i Asia. Ein siger mot «Sexyama» vil skyte Alberto Mina langt opp i UFC-hierarkiet. Sjølv om Akiyamas MMA-karriere går mot sine sluttår, seiar den 40-år gamle Akiyama sjølv at det ikkje er aktuelt å legge opp før helsa krev det, trass dei utallege karrierevegane han kan gi seg ut på. Han meinar nemleg at han framleis er i god form, noko han viste i sin siste kamp mot Amir Sadollah. Tap eller siger, for det asiatiske publikumet er ikkje resultatet det viktigaste, men korleis ein kjempar. Og kanskje det er dette som motiverar Akiyama til å gå kamp?

Kampfakta

Yoshihiro Akiyama

  • 14-5-0
  • Judospesialist
  • Tåler mykje og gir ikkje opp
  • Lang erfaring på toppnivå
  • God i toppkontroll
  • 50% av sigerane via submission

Alberto Mina

  • 11-0
  • Sigerane består av 50% submissions og 50% knockouts
  • 9 av 11 kampar endt i første runde
  • Sin andre kamp i UFC
  • Lang rekkevidde
  • Oppurtunistisk: Går “all in”, og går raskt tom for energi

Kampforløp

Mina har vist at han har avsluttaregenskapar, både på bakken og ståande. Ståande kan ein likevel sette spørsmålsteikn om teknikken er god nok for toppnivået. Den 182 cm høge Mina har ein lang rekkevidde på heile 2 meter. Likevel, Mina slo ikkje ein einaste jab i kampen mot Ansai. Sjølv om Mina har fleire våpen på lager, kan ein erfaren utøvar sjå slaga kome på lang veg, då Mina legg all kraft bak. Berre etter få minutt ut i kampen mot Ansai var Mina svært sliten, og går kampen mot Akiyama utover første runda blir nivåforskjellane stadig større.

Akiyamas kampplan truleg av å ta kampen ståande, samt kontre Minas kastande slagforsøk med judo for deretter lande i toppkontroll. Ståande og på bakken har Akiyama møtt meir merriterte utøvarar enn Mina, som knockoutmaskin Melvin Manhoef, Vitor Belfort, og grapplarace Jake Shields, og lite tydar på at Akiyama vil føle seg særleg truga.

Akiyama via teknisk knockout i runde tre.

Du kan sjå UFC fight night Henderson vs Masvidal på TV2 sumo direkte og i opptak

 

Leave A Comment