Khabib Nurmagomedov
Khabib Nurmagomedov. Bilde: youtube

Russlands MMA-renessanse

Russiske utøvarar har på svært kort tid gjort eit formidabelt inntog i UFC. MMA-Revyen har sjekka ut kven desse fighterane bak dei vanskelege namna er.

Les del 2 her.

Den store bjørnen i aust har for lengst henta seg inn etter 90-talets politiske vanstyre, symbolisert av ein vodkadrikkande Boris Jeltzin. Russland er på ny ei verdsmakt og Putin har det travelt med å vise musklar militært og politisk på den internasjonale scene. Men det er ikkje berre her dei har henta seg inn, Russlands utøvarar er nemleg igjen i ferd med å feste eit solid grep om MMA, noko UFC i aukande grad erfarer.

Etter Fedors storheitstid blei det stille i fleire år. Den russiske MMA-bjørnen la seg til i dvale på den internasjonale scena.

Sambo, Fedor og Pride

Amerikanarane har bryting og brasilianarane har brasiliansk jiu-jitsu. Russland har sambo. Sambo er ganske likt MMA, det er ein komplett kampsport som har bryting, submissions, slag og spark. Dette gjer at utøvarar med bakgrunn i sambo glir enkelt over til MMA. Det var særleg ein som hadde suksess med dette, nemleg Fedor Emelianenko. Fedors regjeringstid i Pride symboliserte enkelt den første storheitsperioda for russisk MMA. Som tungvektar i Pride gjekk han ubeseira mot dei aller beste i verda, som kulminerte i ein av historias beste tungvektskampar mellom Emelianenko og Mirko ‘Cro Cop’ Filipovic. Det var knockouts, det var submissions, det var underholdande.

Etter Fedors storheitstid blei det stille i fleire år. Den russiske MMA-bjørnen la seg til i dvale på den internasjonale scena. Men denne dvala tok brått slutt då UFC bestemte seg i aukande grad å satse på utøvarane til vår austlege nabo frå 2012. Inn kom fleire, og særleg folk fra den russiske republikken Dagestan.

Den etterlengta aggresjonen

Attsynet med Russerane kan hevdast å ha vore etterlengta. Sambobakgrunn og ein heilt anna form for aggresjon i octagonet har vore eit motstykke til det mange av dei amerikanske utøvarane med bakgrunn i bryting har gitt oss. Det er heller ikkje tilfeldig, brytarane gjer nemleg det dei er best til, og det er å bryte og nøytralisere motstandaren med eit auge for ein trygg siger gjennom dommaravgjersle. Russerane derimot har hatt vane med å gå inn med ein annan mentalitet. Det skal vinnast via avslutning. Dette kan også bli Russeranes bane, som vi såg då den aggressive Islam Machachev gjekk kamp mot Adriano Martins under UFC 192.

Lista over dei aust-europeiske juvelane med namn som får Bruce Buffer til å svette tel mange. Nedanfor vil ei rekke av desse bli presentert. Kven betre å starte lista med enn sjølvaste Khabib Nurmagomedov?

Khabib ‘the Eagle’ Nurmagomedov, #3 lettvekt (22-0, 6-0 UFC)

Mannen som tek med sin store kvite hatt til kvar innveging var kanskje døråpnaren for dei mange andre russiske utøvarane i UFC. Etter sin UFC debut i 2012 gjekk han på seks strake sigrar, som kulminerte i ein overhaling mot seinare tittelhaldar Rafael Dos Anjos. Nurmagomedov var då klar for å gå kamp mot Donald Cerrone ved to anledningar, henholdsvis september 2014 og mai 2015, men på grunn av gjentatte kneskader blei kampane dessverre kansellert. Håpet er at han held seg skadefri fram mot den planlagte kampen mot Tony Ferguson 11. desember. Med siger mot Ferguson er vegen mot eit titteloppgjer mot Dos Anjos kort. Sjølv om Dos Anjos har forbetra seg dei siste kampane er Khabib favoritten i ein potensiell rematch.

Khabibs kampstil er karakterisert av at han regelrett kastar motstandarane rundt med den aggresive brytinga si. Dette kombinert med skarp boksing og bruk av albogar gjer at Khabib har kosta vekk samtlige av utøvarane UFC har satt opp mot han. Tony Ferguson blir neppe eit unntak.

Albert ‘Einstein’ Tumenov, weltervekt (16-2, 4-1 UFC)

Albert Tumenov

Albert Tumenov, bilde: Youtube

Allereie som 6-åring starta Tumenov med kampsport. Først var det karate, deretter gjekk det over til boksing som kulminerte i at han blei nasjonal mester. Han har også vunne gull to gongar i meisterskapet i hand-til-hand kamp i Russland. Det er naturleg å tenkje at kampsport er i Tumenovs blod. Nettopp boksinga er noko han til no i UFC har vist å beherske godt. Med effektiv bokseteknikk bær Tumenovs stil preg av mange kontringar, deriblant mykje bruk av strak høgre samt uppercut. At han miksar inn gode spark gjer han svært farleg ståande.

Under UFC 192 mot Albert Jouban viste han på ny kva han er god for: Han fekk Jouban på glattisen med eit spark mot hovudet og fulgte deretter opp med treffsikre slag som tvang dommaren til å bryte inn. For dette fekk Tumenov med seg ‘performance of the night’ bonus frå UFC i baklomma og mest sannsynleg ein kamp mot ein topp 15-motstander. For ein ting er sikkert: Tumenov er ein av dei hottaste russiske prospekta.

Islam Makhachev, lettvekt (13-1, 1-1 UFC)

Makhachev kom inn med ein glatt 12-0 med ei mengd knockouts og submissions. Debuten i UFC var sterk der han submitta Leo Kuntz i andre runde i UFC 187. Denne iveren etter å samle fleire submissions og knockouts på recorden stoppa likevel brått opp då han sjølv blei offer for sin eigen medisin mot Adriano Martins i UFC 192. Kva som blir det neste for Makhachev er uvisst, men at han er underhaldande og aggressiv er i alle fall sikkert. Likevel har kanskje Makhachev lært at dette ikkje alltid løner seg mot gode kickbokserar.

Alexey Oleinik, tungvekt (50-9, 2-0 UFC)

Tungvektaren i UFC med desidert flest MMA-kampar, Alexei Oleinik, går med det klingande kallenamnet «the boa constrictor», og det er ikkje tilfeldig. Mannen har latterlige 40 submissions på sine totalt 59 kampar, som inkluderar Mirko «Cro Cop» Filipovic og Jeff Monson. Kanskje ikkje overraskande då Oleinik har svartbelte i BJJ og er mester i sambo. Men tungvektaren kan også slå hardt frå seg, som han sist viste i første runde mot Jared Rosholt. Med 2-0 i UFC, og 11 kampar utan tap, er det ikkje usannsynleg at Oleinik glir seg fram mot kremen av den heller tynne tungvektsdivisjonen. Oleinik er dessverre plaga av ei kneskade og ein retur til octagonet er ikkje sannsynleg før midten av neste år.

Rustam Khabilov, lettvekt (17-3, 3-2 UFC)

Ein av dei som følgte Nurmagomedov inn til UFC på rundt same tid var Rustam Khabilov. Sjølv om Rustam ikkje har hatt like gode resultat å vise til, har den utdanna revisoren gitt oss ei imponerande rekke suplex. Faktisk knocka Khabilov ut Vinc Pichel via nettopp ein estetisk vakker suplex. Det har dessverre gått litt trådt dei to siste kampane, men dette har vore mot henholdsvis Benson Henderson og eit split-decision tap mot Adriano Martins. Nettopp Adriano Martins har ein lovande framtid då han slo frå seg mot Islam Makhachev under UFC 192. At Khabilov trenar med Greg Jackson og Winkeljohn kan tyde på at han kjem tilbake på sigersrekka.

I del 2 av artikkelseria blir ei ny rekke russiske UFC-fighterar presentert, deriblant den uortodokse Zubaira Tukhogov og den knockout-glade Mairbek Taisumov.

 

Leave A Comment