OL-medaljør i bryting Bilyal Makhov, UFCs nyaste tungvektssignering. bilde: youtube.

Russlands MMA-renessanse del 2

Del to av artikkelserien om den eksplosive auka av russerar i UFC vil sjå på fleire av dei aller mest lovande prospekta som har komt til organisasjonen.

Sjekk ut del 1 her.

Eit stort antal russerar har følgt fotspora til Khabib Nurmagomedov inn til organisasjonen. Fleire av desse har innfridd meir enn forventa, og kan med rette kallast sterke prospekt i UFC. At ein eller fleire av desse potensielt kan gå mot tittelkamp i framtida er langt frå usannsynleg. UFC har i tillegg gått til det steget å signere ein russisk utøvar utan ein einaste MMA-kamp, som knapt har skjedd før i nyare tid. Om det er ein direkte følgje av suksessen dei andre russerane har hatt, er uvisst.

Ruslan Magomedov, tungvekt (14-1, 3-0 UFC)

Ruslan Magomedov før kampen mot Shawn Jordan. Bilde: youtube.

Ruslan Magomedov før kampen mot Shawn Jordan

Magomedov fell ikkje inn i båsen som den stereotypiske russiske fighteren som ståande går for knockouten. Magomedov lenar heller på disiplinert bruk av teknikk og tolmodigheit som sigersreiskap, likt Klitschko-brødrene i boksing. Dette kom spesielt til syne då mannen, som jamnleg sparrar med Cain Velasquez og Daniel Cormier, møtte Shawn Jordan under UFC 192. I oppgjeret plukka russaren enkelt Shawn Jordan frå kvarandre på ein usedvanleg kalkulert og trygg måte. Med 10 UFC kampar og ei sigersrekke på 3 før kampen mot Magomedov kan ikkje Jordan kallast ein kven som helst heller.

Tolmodigheita og den kalkulerte teknikken gjenspeglar seg i Magomedovs statistikk: Seks av hans siste sigrar har kome via dommaravgjersle, inkludert tre av hans sigrar i UFC. Ein kan kanskje påstå at dette gjer han desto meir interessant som utøvar, då han i mindre grad er tilbøyeleg til å gå inn i den klassiske tungvekts-batalja med sannsynleg knockout i første runde. Med sin gode start i UFC er Magomedov definitivt klar for ein topp 15 motstandar.

Omari ‘Wolverine’ Akhmedov, weltervekt (15-2, 4-1 ufc)

akhmedovDen dagestanfødte Akhmedov har på sine 5 kampar i UFC kun tapt ein gong. Tapet var signert Gunnar Nelson, via ein guillotine choke i første runde, og kan neppe kallast ‘a bad day at the office’ då den stoiske islendingen er eit av weltervekts sterkaste namn.

Den svært sterke og kompakte Akhmedov held ingenting tilbake når han slår sine boksekombinasjonar og har i likheit med sine nasjonale brødre også ein solid bakgrunn i Sambo. I likheit med Khabilov trenar Akhmedov med Greg Jackson og Winkeljohn og går inn som favoritt mot Lyman Good under Fight Night 10 desember.

Rashid Magomedov, lettvekt (18-1, 3-0 ufc)

Om Rashid Magomedov er i slekt med Ruslan Magomedov er uvisst, men ein ting dei delar er at begge er svært teknisk i ståande kamp. Rashid som har lang bakgrunn som boksar likar godt å kontre med hooks samt kombinere inn spark. Magomedov har frå samboen eit godt arsenal av nedtakningsteknikkar, samstundes som at han har eit godt utvikla nedtakningsforsvar. Dette gjer at han i stor grad er i stand til å diktere kvar kampen skal gå. Dagestanaren har også eit lettbeint og godt fotarbeid som gjer at kontringane kjem lynraskt, noko Elias Silverio fekk kjenne då brasilianaren tapte via teknisk knockout mot Magomedov. Rashid Magomedovs blir skikkelig satt på prøve mot submissionspesialist Gilbert Burns som i likheit med Magomedov har 3 strake i UFC. Om Magomedov vinn mot Burns er vegen mot topp 15 rydda.

Zubaira ‘warrior’ Tukhogov, fjærvekt (17-3, 2-0 UFC)

Tukhogov. Bilde: YT

Er tsjetsjensk dans bakgrunnen for Tukhogovs suksess? Her i føring med UFC-veteran Roger Huerta.

Kickboksaren Zubaira Tukhogov er på ein sju-kampars sigersrekke og har starta UFC-karriera stødig med to strake sigrar, deriblant ein som endte i knockout av mostandaren i første runde. Tukhogov er lett på tå, har henda langt nede og har ein uortodoks tilnærming med eit stort arsenal av angrep, som gjer Tukhogov svært spennande å følgje. Alt dette viste han meisterleg då han vann via TKO mot Ernest Chavez. Tukhogov sin neste motstandar er Phillipe Nover som er ein god test på om Tukhogov har det som skal til for å etablere seg som eit namn i UFC.

Mairbek ‘beckan’ Taisumov, lettvekt (24-5, 5-1 UFC)

Mairbek Taisumov skulle eigentleg bli profesjonell fotballspelar og var spådd ei strålande karriere som ungdom. Noko som kanskje forklarar kallenamnet til Taisumov, som er lånt frå David Beckham. Men Taisumov gjekk heller over til MMA då han blei hekta på brasiliansk jiu-jistsu. Dette gjor han nok rett i, Mairbek Taisumov er kanskje lettvekts mest hardtslåande utøvarar. Satistikken tyder i alle fall på dette: 14 av Taisumovs 24 sigrar har endt med avslutning i første runde, 8 har han vunne via submission og berre ein kamp har gått til dommarkortet. Sjølv om hans bakgrunn ligg i grappling har Taisumov ein lynrask strak høgre, som han brukar med høg presisjon og timing. Dette gjer Taisumov farleg både ståande og på bakken.

Bilyal Makhov, tungvekt (0-0 UFC)

Eit av dei meir interessante trekka UFC har gjort er å signere ein utøvar som ikkje har ein einaste MMA-kamp. Makhov som trenar seg fram mot OL 2016 i Brasil har endå ikkje dedikert seg fullstendig til MMA, men er likevel under kontrakt med UFC. Dette betyr at vi tidlegast kan vente å sjå 28-åringen først om eit heilt år.

Nokon hevdar at dette er eit trekk UFC gjer for å sikre at Makhov ikkje går til konkurrenten Bellator. Bellator har hatt til vane å signere profilerte og lovande utøvarar sjølv før dei har gått MMA-kampar. Å investere i Makhov er ikkje ein dårleg idè då det ligg mykje potensial i brytaren. Makhov har nemleg vunne fleire verdsmeisterskap i bryting og fekk bronse i bryting under OL i London 2012. Dette betyr at Makhov utvilsomt går inn som tungvekts desidert beste brytar, og gir divisjonen ein ny dimensjon. Kanskje Makhov til og med greier overgangen frå OL til MMA like lett som Ronda Rousey og Daniel Cormier?

Andre:

Det er sjølvsagt fleire russerar i UFC, og alle får ikkje plass her. Likevel er det verdt å nemne det ubeseira prospect i fjærvekt, Bekbulat Magomedov (16-0), som ventar å få gå sin første kamp i UFC. Utanfor MMA har Magomedov vunne eit meisterskap i sambo. Magomedov er dyktig i å bruke boksing for å sette opp nedtakningane slik han kan bruke si grapplingstyrke. UFC har også Gasan Umalatov i weltervekt, der han på sine 3 UFC kampar har møtt tøff motstand i Cathal Pendred og Neil Magny. Samstundes har Umalatov vunne mot UFC veteran Paulo Thiago. Det neste for Umalatov er kamp mot Viscardi Andrade 7. november.

bileta er henta frå youtube.

Leave A Comment