Nicolas Dalby i pressekonferansa etter eventen. Foto: YouTube.

Etterdønningar: UFC Fight Night Dublin

Veskekast, uavgjort og ein profillaus kveld til trass, UFC Fight Night Dublin leverte jamnt over.

Planen til UFC var å gjenskape magien som McGregor skapte førre UFC Fight Night Dublin med eit kort blanda av store profilar og lokale stjerner. Men den enorme skadebølga som UFC har vore plaga med skylte over dette kortet også og gallakvelden blei redusert til eit meir regionalt stevne med UFCs logo plastra over. Men dette mindre profilerte kortet blei likevel ein underhaldande affære.

Uavgjort og fornøgd

Resultatet av kampen mellom dei to ubeseira MMA-utøvararane i Darren Till og Nicolas Dalby hadde kanskje ikkje oddsmakarane spådd. Mi analyse i forkant av kampen såg raskt gjennom Darren Tills sminka record og tippa Nicolas Dalby som favoritten. Likevel, Darren Till viste absolutt at han hadde det som skulle til på UFC-nivå. Med dette snakkar eg ikkje om tattoveringa på skuldra av det som ser ut som Paige Van Zant på skuldra, som er på same nivå som Alan Belchers Johnny Cash-tattovering, men den ståande kampen som sjølv Nicolas Dalby ikkje alltid hadde eit godt svar til. Det var difor cardioen og brytinga til Dalby som i siste runde vrei kampen frå det som såg ut som eit nederlag til merkeleg nok fortjent uavgjort, eit resultat begge partar var overraskande fornøgd med. Dei kan nemleg gå fortsatt heim ubeseira.

Og til Dan Hardys spørsmål etter kampen: Nei, eg vil ikkje sjå ein re-match mellom desse.

Veskekastet

Det er ikkje tilfeldig at Reza Madadi har kallenamnet «Mad Dog». Den svenske versjonen av Diego Sanchez er nemleg ei rastlaus energibombe, som kameramenna hadde vanskar med å halde følgje med der han stritta rundt i påvente av at kampen mot Norman Parke skulle starte. Men det var kanskje ikkje rart at han var ekstra rastlaus. I innveiinga i forkant av kampen gjor Parke kunststykket i å kaste ei rosa veske bort til føtene på Madadi, som eit stikk for det grove veskeranet Madadi hadde gjort i Sverige eit par år i forvegen. Madadi blei naturlegvis ekstra oppilda. Om det var fordi fargen på veska var feil, eller at Madadi hadde lagt det grove ranet bak seg og starta eit nytt lovleg kapittel er uvisst. Uansett, den ekstra energien hjalp ikkje: Park var betre på alle aspekt og vann via ein decision.

Men det Park kunne halde seg god for var å innrømme at heile veskestuntet berre var tull for å skape ekstra blest rundt kampen. Der har han noko å lære frå kampselgarane Conor McGregor og Chael Sonnen: Hald denne “hemmelegheita” for deg sjølv.

Ei fin avslutning… for Smolka.

Kveldens beste kamp må naturlegvis gå til oppgjeret mellom Paddy Holahan, som under innveiing blei påpeikt av internett til å sjå ut som  ein som hadde vore forlatt i to år på ei øde øy, og amerikanske Louis Smolka. Det har lenge vore store debattar rundt underhaldningsverdien som 125-divisjonen gir, mykje på grunn av Demitrious Johnsons dominanse, men den intensive fram-og-tilbake bakkekampen, som Holohan var ein pådrivar for, var eit fint motstykke til skepsisen. Dessverre for det irske publikumet blei Holohans gameplan også Holohans bane: Smolka vann via submission i andre runde. Veien mot topp 15-ranking for Smolka bør difor vere pent rydda.

Leave A Comment