To nye ansikt i det norske pro-sirkuset

AWOL MMA 6. 9.mai.England: Southend, i Essex. To nordmenn. To debutantar. Nils-Henrik Tjikkom og Kristian Lapsley tok sine første steg inn i proffsirkuset.

Høyr utdrag av intervjuet under.

Fekk ny motstander kvelden før

For Lapsley var ikkje rammene for debuten heilt som han hadde forventa. Lapsey fekk nemleg ein ny motstander i Radislaw Drakowski kvelden før, noko som gjor at han måtte bruke heile kvelden dagen før å studere motstandaren. Tjikkom som såg kampen i arenaen beskreiv Lapseys kamp slik.

– Kristian møtte ein knockoutmaskin, men trass dette kontrollerte Kristian kampen utan problem. Han hadde fleire fantastiske spark, og særleg eit som traff Drakowski i hovudet.

Lapsley på si side meinte Tjikkom hadde ein solid debut i høgt tempo.

– Nils Henrik gjekk ut med full guffe slik han plar gjere. Han er ein veldig underhaldande fighter, så difor er han godt likt.

Eit psykologisk spel

Nyleg ga trenaren for det norske MMA landslaget, Jakob Sverre Løvstad ut boka “Visdom fra buret”. Lapsley prydar coveret på boka. Med sine 37 år og lang erfaring innan kampsport har Lapsey gjort sine tankar om det mentale aspektet rundt det å gå kamp.

– Det er veldig vanleg at utøvarar demoniserar motstanderen. Ein ser på motstandaren som noko han ikkje er, samstundes som ein ofte undervurderar eigne evner. Det er mykje psykologisk spel, og berre det å være bevisst på at det foregår er til stor hjelp, seier Lapsley.

– Det er viktig å putte dei riktige tinga i skuffen før ein kamp og halde eit positivt fokus. Ein kan vere så god ein berre vil, men om ein ikkje har det mentale på plass vil ein aldri vinne ein kamp i MMA.

NRK SÁPMI og MMA

Fleire medier i Noreg ligg fortsatt bak når det gjeld å skrive om MMA. Sett vekk frå eit par “sirkusaktige” oppslag om MMA har NRK knapt rapportert om sporten. NRK Sami derimot har fulgt Tjikkom tett. I tillegg til tv-innslag om Tjikkom, har NRK Sami lagt ut heile kampen som Tjikkom gjekk i mars på NRK Sami sine sider. Nils-Henrik Tjikkom (og Ole Johnny Eriksen, som også er samisk) er i ferd med å snike MMA inn i statskanalen.

– Det er fantastisk at dei gidder å vise så mykje som dei har gjort, det er morsomt, avsluttar Tjikkom.

Leave A Comment