-Fleire bør ta steget frå amatør til proff

Tollefsen er kanskje ny i proffverda i MMA, men i amatørkategorien er han ein veteran. No er han klar til å satse alt på proffkarriera. 28. mars går han sin andre kamp.

– Må gå ‘all in’

Høyr heile intervjuet med Joachim Tollefsen i episode 90 av MMA-Revyen.

Sjølv om fleire hadde suksess i det norske MMA-landslaget, er det berre Tollefsen som har tatt steget til proffkarriere. Med 15 kampar og bronse i amatør-VM i MMA var overgangen naturleg.

– Eg må gå ‘all in’. Eg kan ikkje gjere noko halvhjerta, seier Tollefsen.

Tollefsen meiner fleire bør ta steget frå amatør til proff.

– Mange som går amatør i Noreg som burde gå proff. På Frontline Academy i Oslo er det til dømes to som bør vurdere å gå proff etter to-tre amatørkampar, nemleg Joseph Karim og Karen Margarjan. Joseph er brunbelte i Europatoppen i BJJ. Han er eit døme på ein som bør gå proff då mange i amatør ikkje vil gå kamp med han, meiner han.

– Kan Uriah Faber kan eg også

Under kamp i amatør-VM skada Tollefsen handa. Sjølv om den endå ikkje har blitt bra igjen, stoppar ikkje dette Tollefsen.

– Eg skada handa ganske grovt i amatør-VM, som endå ikkje har blitt heilt bra. Men eg har bakgrunn som Thaiboksar, så eg kan bruke albogar, kne og spark i stadenfor, seier han.

Eg har sett Uriah Faber, han brakk begge henda i ein kamp, men brukte albogane i stadenfor. Kan han kan eg!

Klar for neste kamp

Joachim Tollefsens neste kamp er  mot Krystian Ortrowski i Power Fight Night den 28.mars. I kontrast med store profilerte organisasjonar som UFC med kjente utøvarar, veit proff-utøvaren frå Frontline svært lite om motstanderen.

– Einaste eg veit om motstandaren er at han går i 70-kilos vektklassa og hans record. Eg må finne ut kva han er god på og så er eg klar, seier Tollefsen.

Sjølv om Tollefsen har begrensa kunnskap passar det han bra, då han lika å ta ting på sparket og heller konsentrere seg på kva han er god på, kontra det å tenke grundig på kva han kjem til å gjere.

tollef

Føler seg bortskjemd med treningspartnerar. Bilete: Facebook

– Eg likar å ta ting på sparket, eg skal inn å gjere det eg er god på. Vil heller tilpasse meg under kamp enn å gå inn mot ein kamp med ein gameplan. Eg likar heller å sjå kva som skjer. Å studere motstandaren veldig i forkant er ikkje mi greie og det gjer meg stressa. Men, dette betyr ikkje at eg ikkje er førebudd på å gå match. For det er eg, fortel han.

UFCs dopingstorm

Eit heitt tema fortida er den pågåande dopingskandala i UFC, der det har vorte kjent at fleire profilerte utøvarar har testa positivt. Tollefsen meiner utfordringa med doping er reell og skisserar tiltak som kan forebygge dette.

– Einaste måten å ta knekken på dopinga er om utøvarane blir testa gjennom heile året utan varsel. UFC som ein businesspart vil ikkje at deira store stjerner skal bli tatt for doping, meiner Tollefsen.

Tollefsen er klokkeklar, steroider har ikkje noko i kampsportsamanheng å gjere.

– I kampsport og i idrett generelt så synest eg ikkje steroider er greit. Eg berre ventar på den dagen nokon dør som følgje av at folk brukar steroider i kampsportssamanheng. At han som forårsaka dødsfallet roida som faen i forkant. Det trur eg vil drepe MMA ganske greit, seier han.

Bruk av steroider eit teikn på svak psyke

Joachim Tollefsen meinar likevel at å møte motstandarar som brukar dop ikkje nødvendigvis gir han dårlegare odds. Tollefsen er av den oppfatning at dei som til dømes brukar steroidar gjerne har ei svak psyke som lett kan knekkast under match.

– Eg tenkjer slik. Om psyken hans ikkje er sterk nok til å takle ein match utan å måtte dope seg så knekk eg psyken hans før eg knekk kroppen hans. Då vinn eg matchen uansett. Men, eg er sjølvsagt redd for å bli ekte skada som følgje av at motstandaren brukar dop. Om eg blir skada på dette nivået her, då har eg kasta 6 år av livet mitt i do, utropar Tollefsen.

Rutinert, men fersk MMA-proff

Trass éin proffkamp kan ikkje Tollefsen reknast som ny i gamet, Ostrowski møtar nemleg ein erfaren nordmann.

Leave A Comment