Frå magisk stemning til stillheit

Natt til søndag gjor UFC historie. I Sverige gjekk nemleg Europas største UFC stemne av stabelen. Rundt 30.000 tilskodarar tok turen til Stockholms nye fleirbruksstadion, nemleg Tele 2 Arena. Den historiske begivenheita skulle bærast av Sveriges nye son, Alexander Gustafsson som gjekk kamp mot Anthony “Rumble” Johnson. Forventningane og dermed presset var skyhøgt. Alt var lagt til rette for ein magisk kveld. Undertegnande var på plass i Stockholm i helga for å ta del i storsatsinga.

 

Fredagens eksklusive kunngjering

Allereie fredag kunne ein ta og føle på stemninga. UFC-sirkuset var godt planta i den svenske hovedstaden og starta dagen med ei kunngjering. UFC kunne gjennom deira svært brukte ‪#‎TheTimeIsNow‬ formidle at satsinga på Europa er noko dei tek på alvor.

ufceuropa2015xx

#EuropeIsNow (Foto: Sverre Humberset Hagen/MMA-Revyen)

I løpet av somaren vil både Skottland og Polen få besøk av MMA-organisasjonen. Tysklands hovedstad, Berlin er også på lista. Stevnet i Polen vil ha MMA-legenda Mirko “Cro Cop” Filipovic som hovedattraksjon. Den aldrande kroatens overraskande retur i oktagonet startar mot Gabriel Gonzaga, ein brasiliar han har vonde erfaringer mot.

 

Q&A

Denne kunngjeringa blei etterfølgt av ein artig Q & A med blant anna Travis Browne og ‘The California Kid’, Uriah Faber. Her kom det særleg fram at Browne vil ha hurtig retur mot Fabricio Werdum, der han antok at utfallet blei knockout i første runde. Framtidig kamp mot Jon Jones var også noko han kunne tenke seg. Faber gjekk for anledninga med slippers, trass 5 kuldegrader utandørs. Samstundes blei FOX sitt MMA-studio etablert med Daniel Cormier, Brian Stann, Jon Anik og Ariel Helwani i bakgrunnen. Desse dekka weigh-ins like etterpå, gjennom deira manus på teleprompteren. Faktisk så var dette tilfelle under sjølve UFC stevnet også, opplesing av teleprompter, som er svært vanleg i USA. Ein kan stille spørsmål om dette er den beste måten på å få fram genuine, interessante meiningar samt dei individuelle personlegheitane frå studiopanelet. Dei store namna som var på plass på Q&A, som Browne og Faber, reflekterte også satsinga UFC hadde på stemnet.

 

Kampdag… eller natt?

Storstova Tele2 Arena fornekta seg ikkje. Stadionet som har større kapasitet enn Ullevål stadion var heildekt i UFC sin mektige produksjon, men oktagonet som sjølve hjartet av salen. Klokka 22 starta kampane på underkortet, eit tidspunkt som skulle blidgjere tv-kanalen FOX og den Amerikanske befolkninga forøvrig. Klokka skulle altså bli 02 før hovedkortet starta, og 04 før det blei slutt. Ein heil del trøtte fjes, altså. Det blir interessant og sjå om dette blir kvardags framover i Europeiske stemner i UFC, då dette tidspunktet kom som bestilt frå TV-giganten. Som me alle veit må me langt tilbake i tid for å finne UFC PPVs arrangert i Europa.

 

Underkortet leverte

Det var ei rekke kampar på underkortet som hadde svært høg standard. To av utøverane som peika seg ut var Mairbuk Taisumov, Nikita Krylov, og Kenny Robertson. Førstnemnte, Taisumov hadde ein gjennomgåande perfekt kamp. Han gjennomførte heftige slag og spark før han tok ned og avslutta hurtig kampen med nådelaus ‘ground & pound’.

krylov

Enter Krylov (Foto: Sverre Humberset Hagen/MMA-Revyen)

Gangsteren Nikita Krylov, med det klingande kallenamnet Al Capone fekk inn ein guillitin choke på veteranen Stanislav Nedkov i første runde etter å ha hindra eit nedtakningsforsøk. Robertson imponerte også, då han klokkereint klinka til med ein venstrekrok på sambomesteren Sultan Aliev, etter at Aliev hadde guarden nede då han forsøkte å sparke Robertson. Robertson hadde forøvrig Turtles t-skjorte på pressekonferansa.

 

Mr. Finland

MR Finland - Nordens neste posterboy? (Foto: Sverre Humberset Hagen/MMA-Revyen)

Nordens neste posterboy? (Foto: Sverre Humberset Hagen/MMA-Revyen)

Finnen Makwan Amirkhani, som med rette kallar seg Mr. Finland, var stemnets snakkis. På lik linje med UFC debuten til Conor McGregor i 2013 var det mannen på underkortet som hadde stemnets prestasjon og kunne hanke inn sårt trengande $50.000 i bonus. Finnen trengte nemleg berre 8 sekund på å knocke ut Andy Ogle via flygande kne.

Joe Rogan meinte det var ein for tidleg stopp, men når Ogle prøvar å ta ned dommaren etter at dommaren stoppa kampen er det kanskje eit tegn på at briten kanskje ikkje var heilt på riktig planet. Grunnen til samanlikningane med McGregor er ikkje tilfeldig, Amirkhani er stor i kjeften, kjapp i replikken, svært karismatisk og med eit dollarsmil. Begge hadde sin UFC-debut i Sverige også. Amirkhani fekk spørsmål om han kunne tenke seg ein re-match mot Ogle, då svarte Amirkhani lynkjapt: “Wasn’t 8 seconds good enough, do you want me to win within 7 seconds now?”.

 

Oppvisning i dårleg kickboksing

Me håpar slike kampar høyrar sjeldanheita til

Kveldens sovepute var definitivt mismatchen mellom bryterane Ryan Bader og Phil Davis. Det er ikkje noko anna å skrive enn at me håper at slike kampar høyrer sjeldanheita til. Både Bader og Davis viste at dei er langt i frå toppnivået i 205, då deira ferdigheiter i ståande kamp var bedregeleg. Her var det ei oppvisning i dårleg bokse- og sparkteknikkar som knapt nådde fram til motstanderen.

 

Det uheldige utfallet

Gegard Mousasi viste seg å vere i formidabel form, og med sylskarp boksing klarte å ta komme sigrande ut mot Dan Henderson. Dei fleste meiner likevel at dommaren stoppa kampen altfor tidleg. På pressekonferansa var det eit tema at Mousasi endå ikkje har klart å stable opp ei sigersrekke. Grunnen til dette, meinte Mousasi, låg i det mentale. Dette er noko han ville jobbe med.

 

Frå magi til stillheit

Energien i stadionet då Stockholms store son, Alexander Gustafsson, gjekk inn mot oktagonet var enorm. 30000 svært forventningsfulle tilskoderar jubla svensken fram med forhåpningar om at The Mauler skulle vere den svensken på kortet som redda kvelden. Den magiske stemninga haldt fram ut i kampen, fram til det endra seg til sjokkerande rop før det blei stillheit. Anthony «Rumble» Johnson gjor nemleg kort prosess på den svenske MMA-kongen via TKO.

Tele2 Arena tømte seg i eit forrykande tempo

 

Ikkje nok med det, ein kan lett kvalifisere kampen som ein «late stoppage», i kontrast til kampen forvegen. Når resultatet var eit faktum gjekk dei skuffa svenskane rett heim, og Tele2 Arena tømte seg i eit forrykande tempo. Antiklimaks, blei det forsiktig sagt.

blackwhiteblues

Frå blågul fest til black & white blues. Slik var Fight Night Stockholm (Foto: Sverre Humberset Hagen/MMA-Revyen)

Finn oss på Stitcher.
Finn oss på RSS.
Finn oss på iTunes

I denne vekas podcast, som kjem onsdag, vil me gå grundig gjennom stemnet, samt kva vi har i vente når Nick Diaz møter Anderson Silva til helga!

  • Marius

    Ja det blei “total depresjon” der ei stund. Men alt i alt – bra event!