Foto: Sverre Humberset Hagen/MMARevyen.com

Fjærvektsdivisjonens utsikter

Med sju tittelforsvar i UFC er Jose Aldo ein av de mest dominante mesterane i UFCs historie. Men, trass dette står fleire i kø for å prøve seg mot brasilianeren. Ein av desse som ønskjer å ta ein tur innom «Jose’s favela» er nettopp Conor McGregor.

Høyr meir snakk om UFCs fjærvektsdivisjon i Episode 80 av MMA-Revyen

Stort namn, men fortsatt bak i køa

Ein monumental kamp for fjærvekt var Cub Swansons oppgjer mot rutinerte Frankie Edgar i helga som var. I forkant av kampen blei Cub lova tittelkamp av UFC om han vann mot Edgar, ettersom Cub Swanson hadde 6 overbevisande sigrar på rad. Edgar blei ikkje gitt like klare lovnadar frå UFC om garantert tittelkamp. Dette kan nok skuldast det faktum at Edgar tapte soleklart mot Jose Aldo i fjor, og før dette tapte Edgar to tittelkampar på rad mot Benson Henderson.

Cub Swansons håp om tittelkamp blei likevel kortvarig. Frankie Edgar dominerte den kreative og underholdande strikeren i 5 runder med nedtakning etter nedtakning. Trass dette er det usannsynlig at Edgar får tittelsjanse utan å måtte gå ein kamp eller to til. Men, med Edgars triumf mot Swanson er kanskje heller ein kamp mellom Edgar og “the bully” Lamas eit meir naturleg vegvalg. Eit anna alternativ er at den slagkraftige brytaren Chad Mendes, som tapte på dommerbeslutning etter fem tøffe runder mot tittelhaldar Aldo, møter Lamas eller Edgar.

 

 

Guillotine choke i første runde

For to veker sidan vann nemleg den tidlegare brytaren Ricardo Lamas noko overraskande mot tidlegare TUF-finalist Dennis Bermudez. Dette skjedde i første runde med ein velplassert guillotine choke etter berre 3 minutt. Dette var overraskande i den forstand at Bermudez hadde sju sigrar på rad i ein elles tøff vektdivisjon. Men Lamas er ikkje ein no-name han heller. Han er ein av dei som står oppført med siger mot Cub Swanson, og etter ei sigersrekke på 4 kampar fekk han gå tittelkamp mot Jose Aldo i februar, der han tapte på decision. Etter sigeren mot Bermudez var det tydeleg at Ricardo Lamas var interessert i ein kamp mot Conor McGregor. Det framgår i twitter-krigen mellom desse, der skitt blir kasta i begge retningar.

 

Elefanten i rommet

Men det er ikkje Cub Swanson, Ricardo Lamas, eller Frankie Edgar som dei fleste snakkar om. Mandag 17.11 arrangerte UFC ein stor pressekonferanse kalla #TheTimeIsNow, der promosjonen gjekk gjennom planen sin for 2015. Her var omtrent heile UFCs stjernegalleri samla, deriblant Jon Jones og Anderson Silva. Conor McGregor var også på plass. Trass store namn på scena var likevel dei fleste spørsmål frå pressa og fansen retta mot Conor McGregor. Dette er ikkje overraskande, det irske stjerneskotet Conor McGregor er mannen som har tatt UFC med storm. Med ei promoteringsevne lik Chael Sonnen, blanda med ekte irsk fightingvilje og spirit, er McGregor ein messias for Dana White og UFC i ei periode då det har skranta på profilfronten.

You can talk the talk…but, can you walk the walk?

Mange påpeikar likevel at McGregor ikkje kan rettferdiggjere sin trashtalk ettersom iren berre har 4 kampar i UFC. Men, ser ein litt meir nøye på kva Conor har fått til så langt i UFC er det imponerande. Med unntak av ein siger har alle kampane til 26-åringen endt med TKO i første runde, deriblant mot rutinerte Diego Brandao og Dustin Poirer. Faktisk er dette “normalen” i McGregors karriere. 14 av hans 16 karrieresigrar har endt med TKO eller KO i runde nummer en. Det at han i tillegg kan køyre psykologisk krigføring mot motstandarane sine med sin trashtalk pirrar naturlegvis fansen.

 

 

Neste kamp for McGregor er mot den tidlegare lettvektaren Denis Siver, ein kickboksar som starta si UFC-karriere under UFC 70 i 2007, og som, med unntak av tap mot Donald Cerrone og Cub Swanson, har stabla ein solid sigersstatistikk frå midten av 2010. McGregor sjølv påstår at dette er ein walkover kamp. Skulle dette vere tilfelle og iren nok ein gong vinn, er det ikkje utenkjeleg at ein tittelkamp er neste steg for Conor, skulle timinga stemme. Meir realistisk er kanskje heller eit oppgjer mot Ricardo Lamas.

Kven blir Jose Aldos neste utfordrar?

Med Cub Swanson ute av tittelbiletet, er det naturleg å peike mot McGregor for Aldos neste utfordrar, skulle McGregor slå ut Denis Siver. Ikkje fordi han rankingmessig fortener det, mannen er av mange ekspertar rangert som nummer 5, men fordi alle som er over McGregor på rangeringa har tapt i møtet med Jose Aldo. Samtidig har McGregor på rekordtid etablert seg på høgde med dei største profilane i UFC, noko som #TheTimeIsNow pressekonferansa reflekterte. Dette skuldast hans evne til å promotere seg sjølv, snakke motstanderane ned samt levere med brask og bram i oktagonet. Frå UFCs standpunkt kan dette også forsvarast finansielt då eitkvart kort med Irens namn på gir gode inntekter. Fansen har nemleg heilhjerta ønskt dette velkomen. For Frankie Edgars del er det mest naturleg å gå kamp mot nummer to Chad Mendes eller nummer fire Ricardo Lamas. Slår Frankie Edgar ein av desse overbevisande er vegen til tittelkamp tilrettelagt for både fans og UFC.

Foto: Sverre Humberset Hagen

Episode 80 av MMA-Revyen tar vi en grundig kikk på fjærvektsdivisjonens tilstand etter Fight Night Austin. 

Tanker om artikkelen eller fjærvektsdivisjonen generelt? Send oss en epost på kontakt@mmarevyen.com, bruk kontaktskjemaet vårt, eller bruk kommentarfeltet vårt under.

Leave A Comment