UFCs gjennombrot: The Ultimate Fighter

Etter fleire år med raude budsjettstal for UFC, måtte presidenten i MMA-organisasjonen Dana White og eigarane tenke nytt.

Nøkkelen, meinte dei var å finne ein måte å gjere UFC mainstream på. I eit forsøk på å realisere dette, oppretta dei ein realityserie kalt the Ultimate fighter på Spike TV i starten av 2005.

[audio: http://srib.no/wp-content/uploads/2012/10/UFCs-kommersielle-verktøy.mp3]

Lagbasert realitykonsept

Konseptet gjekk ut på å samle ei rekke utøverar med mmabakgrunn til å kjempe i eit turneringsformat der vinnaren fekk ei kontrakt med UFC. Desse utøverane ville deretter bli delt i to lag beståande av to vektklasse kvar. Konkurrentane hadde base i eit hus, utan moglegheit for kontakt med omverda mens konkurransa holdt på, likt Big Brother. Desse to laga ville då ha kvar sin trenar, der trenaren gjerne var ein kjent skikkelse i organisasjonen. Ved slutten av sesongen ville då kvart lag ha ein finalist i dei to vektklassene som vart representert. Desse finalistane ville då møtast på eit seinare tidspunkt på ein LIVE event arrangert av UFC.

Suksesshistorie

Den første sesongen vart ein umiddelbar suksess med fleire millionar sjåarar. I denne sesongen var sjølvaste UFC Hall of Famer Chuck Liddell og Randy Couture trenara, som hadde kvart sitt lag. Desse laga besto av utøverar som har vore sentrale i UFC i fleire år i ettertid, som Forest Griffin, Stephen Bonnar, Chris Leben, Josh Koscheck, Kenny Florian, Diego Sanchez og Mike Swick. Men, det var nettopp Forrest Griffin og Stephen Bonnar som møtte kvarandre i finala som vart vist LIVE på tv. Dette skulle vise seg å vere avgjerande for UFC som merkevare. Kampen mellom Stephen Bonnar og Forrest Griffin endte opp i å bli ein av dei mest minnesrike UFC kampane, som vart kjenneteikna som ein episk fram-og-tilbake krig utan like… Til slutt var det Forrest Griffin som tok det lengste strået og vann ein knepen seier og sikra dermed kontrakt med UFC.

Artikkelen fortsetter under biletet

Endelaust med sesongar

Suksessen frå første sesong gjor at UFC gjekk inn i en avtale om å lage fleire sesongar. Etter heile 14 sesongar har konseptet i det store og det heile vore det samme, med små eller større variasjonar frå kvar sesong. I starten var det for eksempel vanleg med lagkonkurranse i kvar episode der kvart lag gjor ein aktivitet utan tilknytting til MMA der vinnarlaget fekk ein fordel i turneringa. Seinare har det også vore prøvd å sende heile sesongen live, samt lansere The Ultimate Fighter internasjonalt i eit forsøk på å ekspandere sporten utanfor Nord-Amerika.

På vei mot slutten?

Ein ting er sikkert, “TUF” gav UFC eit fantastisk kommersielt fundament og ei rekke gode utøverar som kanskje elles ikkje hadde vorte oppdaga. Men, med sesong 16 av TUF nettopp starta, er utfordringa til UFC no å klare å framleis halde programmet relevant, for etter så mange sesongar skal det mykje til å gjere det like spennande og friskt som det var i starten. Noko som er illustrert med fallande TV-sjåarar. Kanskje renessansen av seria kjem med den nyleg annonserte TUF 17 der ordsjonglør, mediaelskling og sjølverklart champ Chael Sonnen skal coache mot tittelhaldaren i lett-tungvekt Jon Jones frå januar av?

 

Leave A Comment